SIGERHERRAR: F.v. Joachim Furset, Jesper Lågøen Øvstetun, Andreas Reseland, Tobias Herstad og Simen Heggheim Mannsverk. Dei går i andre klasse på studiespesialiserande retning på Årdal vidaregåande skule. (Bilde: )
FYLGJER MED I SPANING: Fire av karane som til sist trekte det lengste strået i turneringa, fylgjer her med frå sidelina på ein tidlegare kamp i turneringa. (Bilde: Snorre Sandemose )
OPPSYNSBORDET: Det var eit omfattande kampoppsett og mange resultat å halda styr på. (Bilde: Snorre Sandemose)
TO LÆRLINGELAG: Det var to lærlingelag som kjempa om å koma til finalen i innebandyturneringa I herreklassen. (Bilde: Snorre Sandemose)
VONBROT: Desse karane rauk på hovudet ut av alle tre turneringane etter tre uavgjort-kampar. Dei tapte i papir-saks-stein alle gongene. (Bilde: Snorre Sandemose)
IMG_8661 (Bilde: )

Med ein mann mindre på laget vann dei likevel heile volleyballturneringa

Då Årdal vidaregåande skule hadde sin årlege idrettsdag før jul, gjorde denne gjengen frå studiespesialiserande retning reint bord i volleyballturneringa, trass i at dei berre hadde høve til å skrapa saman fem mann på laget.

Årdal: Onsdag var det klart for den årlege adventsturneringa i ballspel på Årdal vidaregåande skule. Det vert konkurrert i fotball, volleyball og innebandy. 

– Korleis var det å vinna?

VINNARLAGET NÆRAST KAMERA: Vinnarane verjar seg og slår ein ball attende til motparten. Motlaget hadde overvunne lærarlaget tidlegare, og hadde ein mann meir på bana. Men i finalen strekte dei ikkje til. Det vart sjumålstap på dei. 
VINNARLAGET NÆRAST KAMERA: Vinnarane verjar seg og slår ein ball attende til motparten. Motlaget hadde overvunne lærarlaget tidlegare, og hadde ein mann meir på bana. Men i finalen strekte dei ikkje til. Det vart sjumålstap på dei.  Bilde:Snorre Sandemose

–  Det var som forventa, seier både Joachim Furset og Jesper Lågøen Øvstetun.

Dei hine på laget seier det var godt å vinna. Også Furset og Øvstetun var glade for sigeren.

– Det er godt å ha levt opp til forventningane, konstaterer Øvstetun. 

Karane synest turneringa er veldig kjekk å spela i, anten det vert tap eller siger. 

Ho er kjempegøy. Det er årets høgdepunkt i skulen trur eg, heilt klart, seier Furset.

Karane nemner at den sosiale ramma kring det heile gjer turneringa til eit høgdepunkt, og so er det morosamt å få vekka konkurranseinstinktet.  

Det er ti gutar i klassen deira. Dei valde å stilla med to lag i herreklassen, sjølv om det skal vera seks volleyballspelarar på kvart lag. 

DOBBELFINALE: Samstundes som dei ovan nemnde fem karane spela seg inn til siger, vart det spela finale i kvinneklassen. Her var det lærarlaget som vann finalen. Lærarane lengst unna bak nettet.  
DOBBELFINALE: Samstundes som dei ovan nemnde fem karane spela seg inn til siger, vart det spela finale i kvinneklassen. Her var det lærarlaget som vann finalen. Lærarane lengst unna bak nettet.   Bilde:Snorre Sandemose

Utslegne i fotballen, vidare i innebandy

Ingen av dei fem spelar på noko volleyballag, so det dei hadde lært seg av teknikk og slag hadde dei frå gymtimane.

Dei rauk diverre tidleg ut av fotballturneringa, men var vidare i innebandyturneringa etter å ha opna med siger. 

– Forventar de å vinna bandyturneringa?

Her svarar dei nølande heile gjengen. Det lét til at det kan verta ei tøff oppgåve.

 Men det er oppnåeleg. Det er litt tilfeldig kven som vinn. Den som jobbar mest vil sigra, fortel Øvstetun, og konstaterer at det har dei tenkt å gjera. 

To lærlingelag spela om å nå finalen i innebandy

Kvar skuleklasse kan stilla med so mange lag dei klarar å skrapa saman. I tillegg deltek lærarane og lærlingar som tidlegare gjekk på Årdal vidaregåande skule.

LÆRLINGANE GJEKK TIL FINALEN: Det var både to og tre år sidan desse lærlingane gjekk på vidaregåande skule i Årdal. Anders Kvåen Svåi, nest til venstre, fortel at det er like kjekt å vera med på turneringa kvart år. 
LÆRLINGANE GJEKK TIL FINALEN: Det var både to og tre år sidan desse lærlingane gjekk på vidaregåande skule i Årdal. Anders Kvåen Svåi, nest til venstre, fortel at det er like kjekt å vera med på turneringa kvart år.  Bilde: Snorre Sandemose

Tradisjonen med adventsturneringa er so sterk at lærlingar får fri til å spela turneringa. 

– Eg har vore med i turneringa kvart år sidan eg gjekk ut av Årdal vidaregåande skule. Det er like kjekt kvart år seier Anders Kvåen Svåi. 

Laget hans gjekk til finalen i innebandy. I fotballturneringa tapte dei finalen mot eit elevlag.

Til toppen