Med Fair play i fokus

Søndag 14. juni var over 250 born samla på Cuba på Årdalstangen, der Årdalstangen IL arrangerte miniputt-turnering for lag frå Årdal, Lærdal og Aurland.

Sjå også biletegalleriet øvst i artikkelen.

Sjølv om vêret var kaldt til å vere i midten av juni, brydde ikkje dei små fotballspelarane seg nemneverdig om dette. 

Fokuset var på ballen, og å få denne i mål saman med sine lagkameratar.

Respekt

Miniputt-turneringa har Fair play-konseptet i fokus, og fotballtrenarane i Årdal nyttar dette konseptet elles i treningssamanheng og kampar også.

Fair play er eit konsept der god folkeskikk, rausheit og respekt vert sett på dagsordenen, og er eit samarbeidsprogram mellom Norsk Tipping og Norges Fotballforbund. Fair play skal skape positive atferdsendringar i fotballmiljøet, og slik sett vere med på å hindre mobbing og bidra til inkludering i både fotball-samanheng og på andre arena.

(Det er utarbeida eigne foreldrevettreglar i samband med Fair play-konseptet, sjå faktaboks.)

Per Gisle Dvergedal
MORO: Per Gisle Dvergedal tykkjer det er viktigast at borna har det moro.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Etter kvar kamp helser alle spelarar og trenarar på kvarandre, seier Per Gisle Dvergedal i ÅTIL då han fortel om Fair play-konseptet. 

– Det viktigaste er at borna har det moro. Dei er framtidas fotballspelarar, legg han til. 

Gode haldningar

Dvergedal fortel at før i tida var det ofte ein såg at trenarar og foreldre var ute etter å ta dommaren for eventuelle feildømmingar. Dommarane er gjerne ungdomar som har tatt kurs og som sjølv spelar på eit anna lag.

– Det har vorte betre dei siste åra, og no har me eit kjempebra miljø, seier Dvergedal. 

Støtte frå vaksne

Kvar spelar handterar kampresultata forskjellig, og nokre vert veldig lei seg om dei tapar ein kamp. – Då er det viktig at foreldre og trenarane støttar borna og syner dei at det viktigaste er å gjere det beste ein kan, og at det er viktig å delta, seier han. 

Til toppen