MED: Sogndalkeeper Mathias Dyngeland er å finna i troppen som skal prøva å ta ein etterlengta VM-kvaliksiger mot Tsjekkia laurdag 10. juni. Arkivfoto
MED: Sogndalkeeper Mathias Dyngeland er å finna i troppen som skal prøva å ta ein etterlengta VM-kvaliksiger mot Tsjekkia laurdag 10. juni. Arkivfoto

Med i troppen til kvalikkampen mot Tsjekkia

Sogndalkeeper Mathias Dyngeland er ein av tre keeperar som er tekne ut til VM-kvalikkampen mot Tsjekkia. Gustav Valsvik og Even Hovland er også med.

Sogndal: I troppen landslagssjef Lars Lagerbäck har teke ut utgjer Rune Almenning Jarstein, Ørjan Håskjold Nyland og altså Mathias Dyngeland trekløveret av keeperar. Dette melder fotball.no

Dyngeland er til dagleg Sogndal sin førstekeeper, men kjem frå Bergen. To som har spelt for Sogndal og kjem frå Sogn og Fjordane - og som også er med i troppen - er Gustav Valsvik frå Vik og Even Hovland frå Vadheim.

Dei to utgjorde stopparparet i 2-0-tapet mot Nord-Irland i mars. Om dei får fornya tillit, og om Dyngeland kan få speletid, blir klart når kvalikkampen mot Tsjekkia går av stabelen laurdag 10. juni på Ullevaal.

Den same troppen gjeld også i privatlandskampen mot Sverige tre dagar seinare.

Til toppen