HANDBALL: Vanja Thomassen Øren (17), Andrea Midttun Hunderi (17), Aina Juvik Eldegard (17) og Eline Moene Hestetun (16), ser lyst på ein ny sesong, men dei erkjenner at dei trur overgangen frå J16 til 3. divisjon kan bli stor. Foto: Ina Eirin Eliassen
HANDBALL: Vanja Thomassen Øren (17), Andrea Midttun Hunderi (17), Aina Juvik Eldegard (17) og Eline Moene Hestetun (16), ser lyst på ein ny sesong, men dei erkjenner at dei trur overgangen frå J16 til 3. divisjon kan bli stor. Foto: Ina Eirin Eliassen

Med ny giv og større tropp 

Samarbeidslaget Jotun/ÅTIL gjer seg no klare til sesongstart på heimebane mot Sotra 2 laurdag. Nokre av jentene som spelte for J16 i fjor både gruar og gler seg. 

Årdal: Etter intens jobbing i arbeidsutvalet i Jotun handball etter fjorårets sesong, då Jotun sitt damelag rykte ned frå 2. til 3. divisjon, har dei no i lag med Årdalstangen IL (ÅTIL) kome til ei løysing dei har trua på.

Les også: Slik vil dei «revitalisera» Jotun

Eitt stort felleskap

I staden for den opphavelege planen i juni med to lag, eitt samarbeidslag mellom Jotun og ÅTIL i 4. divisjon og Jotun-laget i 3. divisjon, har dei no trekt det første laget og samla dei til eitt seniorlag. Laget speler i 3. divisjon og søknaden om endring til samarbeidslag har no akkurat gått igjennom, fortel Børre Øvstetun, sportsleg leiar i Jotun handball.

Artikkelen held fram under biletet

JOTUN/ÅTIL: Bak frå venstre: Olafur Sveinsson, Vanja T. Øren, Emma Øren, Karoline Furebotn, Karianne M. Sanden, Kristina Furebotn, Ida Jevnaker, Linn L. Løvdahl, Jenni Ø. Hove, Andrea Midtun, Guro Undi og Terje Sylvarnes
Framme frå venstre: Vilde V. Eikeland, Aina J. Eldegard, Katrine Agledal, Martine Øyre, Henriette Forthun, Vilde J. Eldegard, Malin S. Sylvarnes, Eline Hestetun, Andrea Luggenes og Marlene Agledal. Foto: Ina Eirin Eliassen

Det er Jotun som har hovudansvaret for laget, men spelarane går fritt mellom klubbane, slik at seniorhandballen i bygda er samla til eitt stort felleskap med kring 20 spelarar frå 15 til 32 år. Det er berre kring fem av spelarane som er med frå Jotun-laget frå sist sesong. 

– Har no sjansen til å utvikla oss

Då Porten var innom treninga i Jotunhallen torsdag, var både Vanja Thomassen Øren, Aina Juvik Eldegard, Andrea Midttun Hunderi og Eline Moene Hestetun, som alle spelte på J16 sist sesong, klare på at dei tykkjer det er spennande å vera med på eit nytt lag. Dei ser at det no blir fleire utfordringar, noko som gir dei har sjansen til å utvikla seg. Dei både gruar og gler seg før sesongstart, då dei ikkje veit heilt kva å vente av å spele på senior. 

– Me er alt ein samansveisa gjeng, sjølv om det er aldersforskjellar. Det var nok kanskje litt skummelt i starten, men no føler me det går bra og har trua dette blir ein bra sesong, seier Aina og Vanja. 

POSITIVE: Henriette Forthun (32) og Andrea Luggenes (24). Andrea starta å spele handball i sommar på 4. divisjonslaget, før det var klart at det vart samarbeid. – Det er topp å få vera med, då eg tykkjer det er artig å spele, seier ho.
POSITIVE: Henriette Forthun (32) og Andrea Luggenes (24). Andrea starta å spele handball i sommar på 4. divisjonslaget, før det var klart at det vart samarbeid. – Det er topp å få vera med, då eg tykkjer det er artig å spele, seier ho.

Henriette Forthun, har vore med på seniornivå ei stund, og er postiv til dei nye grepa.

– Elles hadde me jo ikkje hatt noko lag. Det er kjekt at det er så mange som vil vera med. Sjølv om det nok blir hardt, håpar eg me blir av dei fire fem beste i divisjonen, seier ho.

– Korleis opplever du stemninga samalikna med forrige sesong?

– Den er mykje betre. Det er ingen sure miner , det er rett og slett ein ny start, seier Henriette.  

Startar frå botnen - bygger på sikt

– Korleis ligg det an før sesongen?

– No har me trena samla i kring to veker, noko som er ei kort levetid for eit lag. Men me er godt på veg med førebuingane før sesongen, men ambisjonane for kor langt me vil nå må me ta etterkvart når me ser resultata frå kampane. No er det viktigaste at me gjer jobbar med å utvikle laget og spelarane, der me prøvar å heva oss på kortast mogleg tid. Det er flinke jenter og dei har stått på under dei øktene eg og Terje har hatt med dei. Eg ser absolutt positivt på sesongen og gruppa, seier Óli Sveinsson, hovudtrenar for Jotun/ÅTIL. 

Jentene har fem treningsøkter i veka, slik har det vore på seniornivået. Det gjer at det er noko for dei som likar å trene mykje og har ambisjoner, dei som jobbar skift og for dei som ikkje vil bli profesjonelle spelarar. 

KAPTEIN: Linn Lægreid Løvdahl.
KAPTEIN: Linn Lægreid Løvdahl.

Linn Lægreid Løvdahl, som er kaptein for laget, har vore på seniorlaget i tre år, men då som ei av dei yngste.  

– Korleis det å kome i gang med ein ny tropp som kaptein?

– Nokre har eg spelt litt i lag med på J16 og laget kjenner kvarandre stort frå før. Me skal gjera vårt beste, men må nok bruka litt tid på å samkøyra oss. Som kaptein er det klar det er viktig å ta vare på spelarane slik at dei kjenner seg velkomne, å motivere og eg er heller ikkje redd for å seie ifrå. Me skal ha det kjekt i laget, det er viktig. Om ein trivst går det ofte rette vegen, seier Løvdahl. 

Klare for å gjere sitt beste

– Dette er jo ein stor tropp, korleis løyser du det før kampane?

– Det er 14 som vil bli tekne ut til kvar kamp. Det handlar om kvalitetar, kven som står på og at ikkje alle kan stille til kvar kamp då mange jobbar skift. Det er eit puslespel. Så må ein hugse at ikkje alle har spelt på seniornivå før. Dei skal få tid til å tilpasse seg nivået og må ta eitt steg av gangen. Blir me fleire spelarar, blir eg berre glad. Det er det ein ønskjer seg i ei slik gruppe, då det skal vera vanskeleg å ta ut laget som stiller til kamp, seier Sveinsson.

– Kva tenkjer du om kampen mot Sotra 2 på laurdag?

– Det er eit andrelag og me veit ikkje kva spelarar dei stiller med. Laget vårt er på startpunktet, så det gjeld å prøve å gjere det best mogleg. Likevel er dette berre eit ledd i at dei skal få utvikle seg. Kjem me i posisjonen der me ser det er mogleg å ta poeng, vil me nok gjera alt me kan for å sikre poenga. Men først og fremst handlar det om utviklinga av laget på sikt. Det er ikkje det store resultatfokuset, men heller å trena og å samarbeida godt, slik at ein kan bygge eit lag som på sikt vil sikre gode resultat, fortel han. 

HAR ANSVARET: Óli Sveinsson, hovudtrenar, Børre Øvstetun, sportsleg leiar i Jotun handball, Linn Lægreid Løvdahl, kaptein for Jotun/ÅTIL, og assistenttrenar Terje Sylvarnes.
HAR ANSVARET: Óli Sveinsson, hovudtrenar, Børre Øvstetun, sportsleg leiar i Jotun handball, Linn Lægreid Løvdahl, kaptein for Jotun/ÅTIL, og assistenttrenar Terje Sylvarnes.

Tek ein sesong om gangen

Avgjerda om dagens løysing, kom etter styret i Jotun var ute for å sjå etter spelarar noko som ikkje gav resultat. I tillegg er ikkje økonomien i klubben all verden, noko som gjer at ein ikkje har tilgang til spelarar som vil leva av handballen. Difor består troppen av lokale spelarar. 

– Kva planar har de framover i tid?

– Etter denne sesongen må me evaluere og sjå kva grunnlag me har å bygga vidare på, då nokre då er ferdig med vidaregåande og truleg ønskjer seg ut for å studere. Me håpar at det freistar med eit godt miljø og gode trenarar, slik at dei ikkje reiser så langt, seier Øvstetun.  

Til toppen