Med pil og boge skal 3D-dyra til pers

13 dyr er no på plass på feltområdet. Det nystarta bogeskyttarlaget Eikþyrnir er no i gang med å laga den første 3D-banen i Indre Sogn.

Årdal: I skogen på Mjøen i Øvre Årdal, har dei rigga seg til på området dei lånar av Årdal Jeger og Fiskarforening. Me kan skimte ein hjort og ein bjørn i gummi og sekkar med blinkar som er hengt opp. Men dette er berre starten av banen som strekk seg på stigar gjennom skogen.

Artikkelen held fram under biletet

LAGAR BANE: Eikþyrnir Bogeskyttarlag har no fått på plass 13 3D-dyr på Mjøen, men det skal blir fleire.
LAGAR BANE: Eikþyrnir Bogeskyttarlag har no fått på plass 13 3D-dyr på Mjøen, men det skal blir fleire.

Starta i vår

Då snøen gjekk i vår starta Attila Madocs, Per Johnny Teigen og Henrik Styve i bogeskyttarlaget Eikþyrnir å rydda området. Laget har no kring åtte til ti medlemar. Dei har brukt mykje tid, og fått gjort mykje på dugnad. 

Bogeskyting er ein fritidsaktivitet på lik linje med leirdueskyting. Fleire nyttar det også til jakttrening, men det passar også godt for folk som er interessert i friluftsliv, fortel dei. 

Sjå også biletgalleri øvst i saka.

Artikkelen held fram under biletet

I SKOGEN: Eikþyrnir Bogeskyttalag vart starta opp i vår. Utan støtte frå bankane i Årdal, Årdal Jeger og Fisk og private midlar hadde dei ikkje hatt moglegeit til å få på plass desse dyra som blinkar. Attila Madocs (f.v), Per Johnny Teigen og Henrik Styve.
I SKOGEN: Eikþyrnir Bogeskyttalag vart starta opp i vår. Utan støtte frå bankane i Årdal, Årdal Jeger og Fisk og private midlar hadde dei ikkje hatt moglegeit til å få på plass desse dyra som blinkar. Attila Madocs (f.v), Per Johnny Teigen og Henrik Styve.

– Er ein interessert i å skyta er nok dette ein meir aktiv form, då ein ikkje held seg i ro som på ein skytebane, seier Teigen, som starta Eikþyrnir og er leiar for skyttarlaget​.

– Det er så bra at me ikkje vil nedatt, seier Madocs.

– Det er heller ikkje berre for jegerar. Eg er med fordi eg tykkjer det er artig å skyta, i tillegg så gir det mestringskjensle, legg Styve til. 

KRAFT: Pilene brukar dei oppatt. Denne pila er skote frå 30 meters hald, og står no kring 6 cm inn i treet.
KRAFT: Pilene brukar dei oppatt. Denne pila er skote frå 30 meters hald, og står no kring 6 cm inn i treet.

Sport som aukar i omfang

Sporten er rekna for folk frå kring 12 til 70 år, og er ikkje tiltenkt dei aller minste. Dei fortel at skyting med boge er ein sport som aukar i omfang, også blant kvinner. 

Sporten starta i USA, men no er det også fleire land som har hengt seg på. Nokre reiser verda rundt for å delta på stemne i bogeskyting.

Teigen og Madocs var sist på stemne i Hallingdal, som var arrangert av Valhall Bueskyttarlag. Der fekk dei ein del tips og kontaktar. I tillegg var dei i fjor på stemne med Norsk Buejegerforbund, noko som også har gitt god hjelp på vegen mot eigen bane. Etterkvart håpar dei også at klubben kan koma inn under Norsk Buejegerforbund.

– Det er eit utruleg bra miljø, seier Teigen. 

Artikkelen held fram under biletet

VARIERAR LØYPA: Inne i skogen finn med mellom anna eit rådyr i sitt rette element.
VARIERAR LØYPA: Inne i skogen finn med mellom anna eit rådyr i sitt rette element.

Plassert rundt om i løypa

Dyra blir flytta rundt og løypa varierar, men den tek 45 minutt til ein time å gå med 13 dyr.

Både hjort, rådyr, kalkun, tiur, grevling, bjørn, ugle og rev, i 3D-figurar finst rundt om i løypa. Etterkvart vil dei å få på plass større dyr, slik at dei kan få meir avstand på skytinga og slik at dei kan ta lengre økter. 

UTKIKSPOST: Tryggleik er viktig. Attila Madocs heisar opp bogen, for han spenner seg fast i treet og klatrar opp til utkiksposten.
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Her er det avstandsbedømming som gjeld. Det einaste hjelpemiddelet ein kan bruka er kikkert. Det er ei god kjensle å gå i naturen i lag med ein gjeng, slik at ein kan konkurrere internt, fortel Madocs. 

Vil ha godkjenning til konkurransar

Til neste år tek dei sikte på å få til godkjent konkurransebane, slik at dei kan laga til stemne og invitere andre. For å få til det må dei få på plass 24 dyr i naturleg storleik, fortel Teigen. 

– Folk trur kanskje det er heimelaga boger, noko som det er umogleg å treffa med. Desse er lette å halda og sikte med, sjølv om det krev litt kraft for å skyta. Fleire har vore oppom for å testa, og seier no dei vil starte. Likevel kvir ein seg jo litt for å investere, seier leiaren.  

– Er det kostbart utstyr?

– Me har to treningsbogar som me kan låne bort, slik at folk kan prøve. Dei kostar kring 4000 kroner, seier Madocs.  

Artikkelen held fram under biletet

IKKJE AKKURAT SKITUPPAR: Pil og bogar heng på veggen på ei bu på Mjøen.
Foto: Ina Eirin Eliassen 

Ikkje lov å jakta med i Noreg

Både Teigen og Madocs tok den internasjonale jegerprøva i fjor og har vore på jakt med boge i utlandet. Det er no tre instruktørar som kan halde prøva i Noreg, sjølv om det enno ikkje er lov å jakta med boge i Noreg. Likevel fortel dei at Norsk Buejegerforbund jobbar med saka. Det blir også jobba med å få inn sporten inn under OL. 

– Om boge blir godkjend som jaktvåpen, håpar eg det at det blir løyve, slik at ein får meir kontroll i kven som nyttar våpenet, seier Teigen. 

Dei ønskjer seg gjerne fleire medlem, og om du kunne tenke deg å prøva er det berre å ta kontakt med dei. 

Du finn meir informasjon på Facebookgruppa til Eikþyrnir Bogeskyttarlag.  

ÅTAK: Ein levande hjort gjekk til åtak på kopien, så hjorten du ser måtte limast og bli sett i saman att etter hendinga.
ÅTAK: Ein levande hjort gjekk til åtak på kopien, så hjorten du ser måtte limast og bli sett i saman att etter hendinga.

 

Til toppen