STRIDAS KJERNE: Denne bomvegen har skapt gnisningar i lokalsamfunnet på Kaupanger. No manar grunneigaren til dialog.
meiningar
STRIDAS KJERNE: Denne bomvegen har skapt gnisningar i lokalsamfunnet på Kaupanger. No manar grunneigaren til dialog. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
meiningar

– Med si framferd syner idrettslaget mistillit til ein trufast støttespelar

Nils Joachim Knagenhjelm, eigar av Kaupanger Hovedgård, etterlyser vilje til dialog frå både kommunen, politikarar og idrettslaget, etter konfliktar rundt stenging av veg til populært turområde.

Meiningar: Som grunneigar og samfunnsmedviten verksemd har Kaupanger Hovedgård alltid vore oppteken av å balansere samfunnsengasjementet med ansvaret for å vidareutvikle ei 300 år gamal verksemd. 

Dette er bakgrunnen for saka:

  • Skogsvegen til Goro er ein viktig inngangsport til turområde på Kaupanger, mellom anna til fjelltoppen Store Haugmelen.
  • Vegen er eigd av Kaupanger Hovedgård, som har næringsinteresser i området. Mellom anna fungerer den som tømmerveg.
  • Vegen er stengt med bom sommarstid, men har i dei seinare åra blitt halden open av grunneigaren om vinteren. I fjor var bomvegen open berre i vinterferien.
  • Stenginga har ført til konfliktar mellom grunneigar og Kaupanger idrettslag.
  • I sommar lufta idrettslaget problemstillinga med Fylkesmannen, i samband med ein høyringsuttale til forslaget om å opprette to naturreservat på Kaupanger: «Grunneigar har stengt vegen til Goro fordi han meiner at syklistar har teke seg til rette i området hans. Denne utestenginga råkar uskuldige og vi er redd det same kan skje i samband med forvaltinga av naturreservata.», skreiv dei i juni.

At det er ulike meiningar om kva Kaupanger Hovedgård representerer, er såleis ikkje noko nytt. Samstundes ser eg at det er trong for å rette nokre påstandar som har vore sette fram i media og i ulike sosiale media.

Gorovegen er eigd og bygd av Kaupanger Hovedgård som tømmerveg. Eg har ikkje nekta ålmenta bruk av Gorovegen, men har vore tydeleg på at bruken må regulerast ut frå Kaupanger Hovedgård sine næringsinteresser. Vinteren 2016 ønska ikkje Sogndal kommune brøyting av vegen etter førespurnad om dette frå Kaupanger Hovedgård. Vegen var likevel open vinterferien. Kostnadane vart dekte av Kaupanger Hovedgård. For å få fortgang i saka har Kaupanger Hovedgård no sendt framlegg til avtale til Sogndal kommune, med von om at det vil vere mogleg å få vinteropna vegen.

Eg er gjennom ulike høyringsinnspel gjort kjend med at Kaupanger idrettslag har sett fram påstandar om eigarskap til vegen og manglande vilje til dialog. Eg vil her peike på at idrettslaget ikkje på noko tidspunkt har teke kontakt med Kaupanger Hovedgård med sikte på å få til ein avtale om bruken av vegen. Derimot er eg kjend med at idrettslaget heller har prioritert møte med gruppeleiarar for dei ulike partia i Sogndal. På generelt grunnlag, og av omsyn til lik handsaming, bør òg dei politiske partia basere sitt politiske arbeid på openheit. Ikkje minst i dei sakene der det er tette familieband mellom politiske parti og idrettslag, som det er i Kaupanger.

I staden for å diskutere saka i lukka forum, ville Kaupanger idrettslag og politikarar i Sogndal fått avklart sentrale spørsmål i saka dersom dei hadde synt vilje til å diskutere saka direkte med Kaupanger Hovedgård.

HEITT TEMA: I sommar vart det halde folkemøte om dei føreslåtte naturreservata på Kaupanger. Òg her vart bomvegen til Goro diskutert. Grunneigar Nils Joachim Knagenhjelm sit i svart skjorte fremst i rekka, som nummer fire frå høgre.
HEITT TEMA: I sommar vart det halde folkemøte om dei føreslåtte naturreservata på Kaupanger. Òg her vart bomvegen til Goro diskutert. Grunneigar Nils Joachim Knagenhjelm sit i svart skjorte fremst i rekka, som nummer fire frå høgre. Foto: Halvor Farsund Storvik

At idrettslaget med si framferd syner mistillit til ei verksemd som har vore trufast støttespelar til idrettslaget, tykkjer eg er leit. Eg tykkjer òg at det er beklageleg at einskildpolitikar omtalar meg som eigar av Kaupanger Hovedgård som vanskeleg. Ingen politikarar har så langt vore i kontakt med Kaupanger Hovedgård om saka. Eg stussar òg over den manglande forståinga delar av det politiske miljøet i Sogndal har til å sjå næringsinteressene til Kaupanger Hovedgård. Eg hadde trudd at politikarane ville syne større interesse for korleis det er mogleg å kombinere nærings- og friluftsinteresser.

Med von om godt samarbeid i framtida.

Til toppen