NY DRAKT: Kristoffer Nystedt, Rigmor Solem, Torunn Todal Laberg og Frank Eldegard gler seg til å syne årdøler og andre kjem til bygda kva dei har å by på under årets Nasjonalparkfestival, som heilt klart har fått ei ny drakt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY DRAKT: Kristoffer Nystedt, Rigmor Solem, Torunn Todal Laberg og Frank Eldegard gler seg til å syne årdøler og andre kjem til bygda kva dei har å by på under årets Nasjonalparkfestival, som heilt klart har fått ei ny drakt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Med sjela i behald har Nasjonalparkfestivalen fått ny drakt

Årets Nasjonalparkfestival er flytta til midt på sommaren, og festivalen er meir kommersialisert, men framleis har dei sjela i behald.

Årdal: Tidlegare år har festivalen funne stad i mai, men i år er det datoane 29. juni til 2. juli som gjeld. Arrangørane seier det framleis kan kome meir, men allereie no er innhaldsrikt program klart.

– Me tek meir omsyn til reiselivsatsinga denne gongen. Tidlegare har me brukt ulike basar rundt i kommunen med vekslande hell. Me tykkjer det er rett å konsentrere seg om det som er det viktigaste produktet, og det er Utladalen. Og så skal sjølvsagt andre område få merke effektane dersom me lykkast, seier Frank Eldegard, som sit i styret for stiftinga.

SJEL: Sjølv om festivalen no vert meir kommersialisert, så skal det framleis vera med sjel, seier Todal Laberg.
SJEL: Sjølv om festivalen no vert meir kommersialisert, så skal det framleis vera med sjel, seier Todal Laberg.

Dessutan ber årets festival eit preg av meir kommersialisering, der dei har skapt eit program som dei håpar mange vil late seg lokke av. 

– Men me gjer det med sjela i behald. Nasjonalparkfestivalen skal framleis ha grunntonar om landskapsverneområdet og ta med seg verdigrunnlaga folk naturleg assosierer med dette, seier Torunn Todal Laberg.

Camp Svalheim med Kjell Elvis

Programmet startar torsdag, der vinnaren av NRK-serien Stjernekamp, Knut Anders Sørum, spelar på Camp Svalheim. Fredag lokkar festivalen mellom anna med padlekurs, hypnotisøren Torgrim Holte, medan Kjell Elvis byr på rock og roll. 

Dei to første dagane er på nettopp Camp Svalheim mykje skjer, der Kristoffer Nystedt, også ein del av styret, styrer skuta.

CAMP SVALHEIM: Torsdag og fredag foregår mykje av programmet på Camp Svalheim, der Nystedt styrer skuta.
CAMP SVALHEIM: Torsdag og fredag foregår mykje av programmet på Camp Svalheim, der Nystedt styrer skuta.

– Det er viktig at folk har det moro ved sidan av den raude tråden i programmet, som i år er variert med tanke på både barnefamiliar og vaksne. Personleg har eg ein forkjærleik for Kjell Elvis, og eg er veldig spent på om Årdal er klar for han, smiler Nystedt.

Fokus på miljø

Laurdag kan du driste deg opp Avdalsskåri, bli med på turnoppvisning eller lære deg å lage mat slik dei gjorde i steinalderen. Denne dagen er det også eit foredrag om eit brennheitt tema for tida – plasten menneske kastar i naturen og havet.

– Dette er nokre skikkelege ressurspersonar frå Sotra som har dratt i gang ein skikkeleg ryddedugnad langs kysten og samla inn enorme mengder med bos. Det er nesten heilt skremmande kor mykje det er. Dette er eit tema me meiner er viktig å ha søkelys på, seier Todal Laberg.

For å understreke at dette er ein festival med naturen i hovudsete, kjem dei til å premiere dei som syklar til arrangementa. Kjem du på sykkel, kan du gi beskjed til ein representant i festivalen og så er du med i trekninga av flotte premiar.

Markerer Folkevegen

Søndag held det rike programmet fram, og då er det kanskje spesielt Folkevegen til Vetti ein kan løfte fram. Nokre dagar i forkant av festivalen fyller nemleg vegen 40 år. Det skal markerast.

Artikkelen held fram under biletet.

MARKERING: Folkevegen til Vetti vart opna i juni for 40 år sidan. Det skal markerast søndag under Nasjonalparkfestivalen. Foto lånt av Sogelaget.
MARKERING: Folkevegen til Vetti vart opna i juni for 40 år sidan. Det skal markerast søndag under Nasjonalparkfestivalen. Foto lånt av Sogelaget.

– Det er kanskje noko som skurrar når ein skal feire eit vegprosjekt i ein nasjonalparkfestival. Me har jo nasjonalparkar nettopp for at ein skal verne om naturen, men Folkevegen er ein turveg først og fremst for gåande. Dessutan er den utruleg viktig for at ein skal koma seg innover i dalen og oppleve naturen, seier Rigmor Solem. 

Same dag vil det vere quiz for store og små langs vegen inn til Vetti, der det blir familiekonsert med Morgonfrosken. 

Variert turprogram

Alt saman er krydra av guida turar i fleng, der det garantert er noko for einkvar smak, anten du vil opp på Vestre Austabotntind eller ein tur til Avdalen. 

– Det var også litt av poenget med å flytte festivalen. Fjellet er meir tilgjengeleg om sommaren enn på denne tida då det er meir snø, seier Eldegard, som fortel at festivalen vil ha sin base i Utladalen.

– Men me kjem også til å vere synlege i sentrum også. Folk vil merka at det er festival. Me har tankar om nokre eigne arrangement, men er ikkje heilt klare til å gå ut med dette enno.

Fotokonkurranse også i år

Og i år, som tidlegare år, vert det sjølvsagt fotokonkurranse. I fjor kom det inn over hundre bidrag. I år er temaet vår.

– Folk blir meir og meir ivrige på å ta bilete ute i naturen, så dei må berre koma i gang no som våren er her, seier Solem.

Er du meir glad i å ta bilete av deg sjølv, kan du bli med på selfiekonkurransen.

– Festivalen har fått sitt eige kart med ulike fotopunkt, der folk som går hit, kan ta eit bilete og bli med på Instagram-konkurransen, fortel Todal Laberg.

Til toppen