AKTIV DAG TIL FJELLS: Hundeførar Charles Johnsen og lavinehunden Dixie er klar for turen ned til bygda. Foto: Ina Eirin Eliassen
AKTIV DAG TIL FJELLS: Hundeførar Charles Johnsen og lavinehunden Dixie er klar for turen ned til bygda. Foto: Ina Eirin Eliassen

Med snute for å redde liv

Den siste tida er høg snøskredfare i Sogn vorte normalen. Vêret snur fort og sjølv for fjellvande folk er tida dyrebar når ulykka først råkar. Då er det godt å veta at Norske Redningshunder finst.

Hundeførarane og lavinehundane som står på vaktlista til Norske Redningshunder, står klare for å rykke ut for finne folk som blir borte i skred i dei mest krevjande terrenga og under dei vanskelegaste vêrforholda. Men vegen hit er både lang og arbeidsam.

PÅ TYIN: Norske Redningshunder er på plass til ei heil veke med trening og prøver for å få fleire godkjende lavinehundar.
PÅ TYIN: Norske Redningshunder er på plass til ei heil veke med trening og prøver for å få fleire godkjende lavinehundar.

Trenar under realistiske forhold

Denne veka er held Norske Redningshunder sitt hovudkurs for vinter for deltakarar frå heile Sør Noreg. Det er fjerde år på rad og i år held kring 40 ekvipasjar (hund og førar) til i fjella på Tyin. Nokre skal gjennom testar som til slutt leiier dei fram til A-godkjenning, slik at dei kan koma på vaktlista til Norske redningshundar. Andre er alt godkjende og trenar for å halde kunnskapen om førsteinnsats i skred ved like. 

ERFAREN: Kursleiar for hovudkurset Vinter Sør Noreg Mick Sheard. Ina Eirin Eliassen
ERFAREN: Kursleiar for hovudkurset Vinter Sør Noreg Mick Sheard. Ina Eirin Eliassen

Porten.no møter kursleiar Mick Sheard ved Filefjellstuene, ved foten av Tyin-Filefjell skiheiser og er snar med å frakte oss med snøskuter til eit lag med ekvipasjar som held til i høgfjellet.

Dei har tidlegare på dagen vore ute i helikopter, der både hund og førar har blitt vinsja frå helikopteret og ned i bratte utilgjengelege fjellsider og stup. I tilllegg har ei gruppe vorte floge og plassert på ein fjelltopp, for så å måtte masjere attende.

– Me kan bli kalla ut til skarpe situasjonar, der ein skal veta akkurat kva å gjere. Dette gjer me no for at både hundar og førarar skal bli vande til å bli fira ned frå helikopter, forklarar Martin Bøe, som er ein av instruktørane i Norske Redningshunder.  

NØGD MED FJELL OG VÊR: Charles Johnsen og Wenche Nilsen har gløymt alt om det dårlege vêret tidlegare i veka og nyt sol og forsmaken på påska. Likevel understrekar dei at det er artig å halde på å dærleg vêr også. Det er jo då dei som oftast blir kalla ut til teneste.

Lavinehunder klare til teneste

På toppen snakkar Porten.no med Charles Johnsen frå Ski og Wenche Nilsen frå Trondheim. Dei trenar med hundane sine to til fire dagar kvar veke i tillegg til å reise på samllingar, sjølv om dei alt har godkjende lavinehundar og er på vaktlista. 

– Dette er ein fantastisk plass og er verd turen. Hundane elskar det og er gira etter å leite etter folk. Dei lærer fort at det finnast menneske under snøen og blir  møtt med jubel som beløning så snart dei finn folka no mens me trenar. Hundane vil jo gjerne jobbe, fortel Nilsen. 

HELS PÅ BELLA: – Boxeren Bella er truleg verdas einaste godkjende lavinehund. Det er stas, fortel eigar og hundeførar Wenche Nilsen.
HELS PÅ BELLA: – Boxeren Bella er truleg verdas einaste godkjende lavinehund. Det er stas, fortel eigar og hundeførar Wenche Nilsen.

Hekta på livvstilen

 Ein hund hund kan leite på store område på kort tid. Går me med vinden i mot oss, får dei ferten av folk fort. Det er givande å bistå reningstenesta med å finne  att folk. Det kjennes godt å kunne gjere noko for pårørande, seier Johnsen.

– Dette er jo tidkrevjande. Kor lenge orkar ein å halde på med dette?

– Ein blir rett og slett hekta. Det er ein hobby som det går med mykje tid til som andre hobbyar. Dette er jo samfunnsnyttig i tillegg, seier Nilsen. 

– Hundeførarar er alt frå unge folk til pensjonistar. Me brenn for dette, det er heilt klart, seier Johnsen. 

Dei samanliknar å vera med i Norske Redningshunder med å vera med i lagidrett. Ein er avhengig av kvarandre for å bli god.  

DIXIE: Hunden til Charles Johnsen er rottweileren Dixie på 7år. Ho er godkjend som redningshund sommar og vinter. Til neste år skal Dixie opp til ny godkjenning. Det skjer kvart andre år.
DIXIE: Hunden til Charles Johnsen er rottweileren Dixie på 7år. Ho er godkjend som redningshund sommar og vinter. Til neste år skal Dixie opp til ny godkjenning. Det skjer kvart andre år.

Grov ned danskane

Sanne Knorborg og Katrine Smedegaard, frå ei friluftslinje på Paul Petersen Idrettsinstitutt i Danmark, er på utveksling i seks veker i Noreg. Dei er med i dag som frivillige figurantar og har lege under snøen i mange timar. Ein figurant blir grave ned i snøholer, slik at hundane får testa kunnskapane sine. 

– Korleis er det å vera med på dette?

– Det er flott. Me har lege i snøholer, køyrd snøskuter, vêret er fantastisk og me er blant fine hundar og folk. Me har lært mykje om arbeidet som Norske Redningshunder gjer, seier Knorborg. 

SMAK AV NORSK NATUR: Danskane Katrine Smedegaard (f.v) og Sanne Knorborg får mellom anna undervisning om korleis å ferdes trygt i vinterfjellet.  
SMAK AV NORSK NATUR: Danskane Katrine Smedegaard (f.v) og Sanne Knorborg får mellom anna undervisning om korleis å ferdes trygt i vinterfjellet.  

Fleire aktørar i sving

Eit helikopter frå SeaKing i Florø og eit politihelikopter har vore i aksjon denne onsdagen. Folk frå Filefjellstuene og skitrekket har laga til skuterløype og trakka til eit området som liknar eit skred, slik at det skal vera med mogleg realistisk.

Norske Redningshundar samarbeider med Røde Kors sine hjelpekorps i Valdres og Lærdal, Norsk Folkehjelp i Årdal, Tyin Ski i tillegg til politi på Gjøvik og i Valdres. Hovudredningssentralen er også innom med ein delegasjon. To brannmenn frå engelske Urban Search and Rescue, som nyttar ruinhundar til å finne folk i jordras og raste bygningar, er med for å sjå korleis det er å jobbe med hund i kaldare klima. Dei blir nytta i internasjonal teneste og blir dei sendt til mellom anna Afganistan om vinteren, treng dei denne kunnskapen. I tillegg er det med to britar frå Lake District Mountain Rescue Searchdogs, som mellom anna blir brukt til mellom anna klatreulykker. 

– Det handlar om å utveklse kunnskap og me har eit godt samarbeid med fleire aktørar gjennom mange år, fortel Sheard.   

HUND ETTER SKUTER: Knut Skår er øvingsleiar under veka på Tyin. Saman med Mick Sheard adinistrerar dei arbeidet som går føre seg i fjellet. Skuter har dei lånt av Norsk Folkehjelp i Årdal, då det sparar tid når dei skal koma seg fram i fjellet og fordi det er viktig at hundane er vant til dette transportmiddelet når dei blir kalla ut til ulykker.

Vegen til tenestelista

Det er to slike kurs for å bli godkjend som lavinehund i Noreg kvart år. Under heile veka er det prøvar dei må bestå. Alle må mellom anna bestå ei søksprøve i eit skred, der ekvipasjane skal finne tre personar innan ein halv time. I tillegg har dei ei stor øving laurdag, der dei fleste aktørane stiller. Løna for strevet etter å bli godkjend er å koma på tenestelista til Norske Redningshunder. Det betyr vakt 24 timar i døgnet.

– Tida kritisk når det går eit skred. Sekken må vera pakka slik at du berre kan reise når du får telefon. Eg bur på Lillehammer og treng berre køyre ti minutt til sjukehuset, der eg møter helikopteret på landingsplassen. Så fraktar det lokale hjelpekorpset oss ut til skredet, fortel Sheard.

– Kva er fordelen med å ha ein hund til å gjera denne jobben?

– Ein hund er ikkje er avhengig av at personen under snøen har søke- og mottakarutstyr. Hundane er lette å jobbe med og dei er raske, samanlikna med eit hjelpekorps. Tenk deg eit skred på 100 meter, med tettpakka snø full i klumpar. Du treng ikkje vera langt under snøen før det kjennest som du ligg i betong. Ein hund er den mest effektive måten å finne att folk på. Det er nasjonale retningslinjer på at lavinehunden er den som skal først ut til eit skred. Jo tidligare du får inn ein hund, jo betre er sjansane for å finne att personane, fortel Sheard som har over 30 år med erfaring med redningshundar. 

Du treng ikkje vera langt under snøen før det kjennest som du ligg i betong. Ein hund er den mest effektive måten å finne att folk på. 

– Utstyr er falsk tryggleik

Sheard oppmodar alle som køyrer off-piste til å reise på skredkurs. Det gjeld sjølv om du er dyktig på ski og er godt vand i fjellet.  Tryggingsutstur som oppblåsbar sekk som skyt opp om du blir teken eller søkeutstyr gjer ofte at du tek til å ta meir risiko og går lenger enn du kanskje burde. 

– Utstyret vil ikkje redde livet ditt om du blir teken av snøskred. Overlevingssjansen er liten og det einaste sikre er å ikkje bli teken. Jo meir utstyr, dess meir falsk tryggleik. Det gir meir mot enn kva som er sunt, seier Sheard. 

Snøskredvarselet varsom.no har oppdatert informasjon om kor stor faregraden for snøskred er i ditt område. Det kan du sjekke her

ALLTID PÅ VAKT: Ein godkjend hundeførar og lavinehund kan få telefon om å rykke ut 24 timar i døgnet. Det gjeld å koma til rasstaden tidleg, då tida er kritisk.
ALLTID PÅ VAKT: Ein godkjend hundeførar og lavinehund kan få telefon om å rykke ut 24 timar i døgnet. Det gjeld å koma til rasstaden tidleg, då tida er kritisk.
Til toppen