TAP: Med kommunesamanslåingar vil ein få eit stort tap av politisk erfaring blant innbyggjarane, seier professor emeritus Audun Offerdal.​ Foto: Norsk Hydro.
TAP: Med kommunesamanslåingar vil ein få eit stort tap av politisk erfaring blant innbyggjarane, seier professor emeritus Audun Offerdal.​ Foto: Norsk Hydro. (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

– Med større kommunar tapar me politisk erfaring

Med kommunesamanslåingar vil ein få eit stort tap av politisk erfaring blant innbyggjarane, seier professor emeritus Audun Offerdal.

Ei oversikt Kommunal Rapport presenterte i midten av mars, viser at 59 kommunar har vedteke å fortsetje aleine, 11 kommunar har søkt om samanslåing til fem nye kommunar, 120 er samde om ein intensjonsavtale, 141 kommunar forhandlar eller skal starte forhandlingar og 97 driv sonderingar og utgreiingar.

Blir resultatet færre og større norske kommunar, vil også lokaldemokratiet endre seg, ifølgje professor emeritus ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen Audun Offerdal.

– Det som skjer er at med utviklinga mot større kommunar, er det fleire ambisiøse folk som sit i styra der. Kontrollen nedover blir mindre. Eg kallar dette elitedemokrati, seier han.

Professor emeritus ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen Audun Offerdal.
Professor emeritus ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen Audun Offerdal.

I retning Danmark?

Offerdal viser til at det midt på 1960-talet samla var rundt 16.000 norske kommunestyrerepresentantar, mot rundt 10.000 i dag.

– Skal ein følgje kommunesamanslåingane, blir det enda færre, rundt 7.000. Det er eit gedige tap av politisk erfaring, seier Offerdal.

Han meiner Noreg kan kome til å utvikle seg i same retning som Danmark, der kommunestyra er små, utskiftinga av politikarar mindre og med ein politisk elite som styrer. Her til lands har utskiftinga i dei norske kommunestyra vore relativt høg sidan 1920, og lege på opp mot 65 prosent.

– Dersom det har vore eit problem, har det vore eit problem til å leve med, seier han.

Når delen lokalpolitikarar som trekkjer seg før neste val ligg på 50- og 60-prosent blir det av enkelte rekna som ei svakheit, noko Offerdal ikkje er samd i.

– Når det er mange som trekkjer seg, er det mange som får erfaring og kan passe på dei som sit i kommunestyra. Slik sett opplever eg ikkje dette som problematisk, seier han.

– Folk framfor parti

Offerdal har studert deltaking og rekruttering til kommunestyre, og kva som skjer når folk er valde inn. Han seier det er ein tendens til at det politiske systemet fungerer annleis i små enn i store kommunar. Målt opp mot innbyggjartalet er talet verv prosentvis større i dei små kommunane, og fleire veljarar får kommunestyreerfaring.

– I større kommunar står partiorganisasjonen sterkare, men partia er nærare i små kommunar enn i store. I dei små kommunane er ein mindre partilojale enn i større kommunar. I småkommunane er ein meir opptekne av folk, enn parti, seier Offerdal.

– I småkommunar føler ein òg at kommunestyrerepresentantane er nærare dei sjølve, og meir opptekne av dei same sakene som ein sjølve. Det er i litt mindre grad slik i større kommunar, seier han.

Nærleik vs. ambisjon?

I større kommunar fungerer det noko annleis, ifølgje Offerdal. Han peiker på at politikarane her er meir ambisiøse, samtidig som avstanden til innbyggjarane blir større.

– Talet personar per verv som har ambisjonar om å gjere politisk karriere, er høgre i større kommunar enn i dei små. I større kommunar har veljarane kontroll med det som skjer kvart fjerde år, ved valet. I små kommunar blir den kontrollen utført dagleg, heile året, meiner Offerdal.

Vil ha mindre fylke

I tillegg til å ønske seg færre og større kommunar, har kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) også bede fylka sjå på moglegheita for å slå seg saman med ein eller fleire naboar. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har byrja drøftingar om samanslåing. Offerdal ønskjer seg ei anna utvikling.

– Der gjeld akkurat det same. Eg kunne godt tenkje meg at fylka blei mindre. Det som skjer no, med større kommunar og ein større vestlandsregion er at politikarane kjem langt vekk frå folk og er seg sjølve nok, seier professor emeritus Audun Offerdal. (©NPK)

Til toppen