BEHANDLINGSMETODE: Harald Munkvold meiner aktivitet er ein god behandlingsmetode for pasientar med rusproblem eller psykiske lidingar. Her saman med Nadiya Melnykova, som er miljøterapeut i Årdal kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BEHANDLINGSMETODE: Harald Munkvold meiner aktivitet er ein god behandlingsmetode for pasientar med rusproblem eller psykiske lidingar. Her saman med Nadiya Melnykova, som er miljøterapeut i Årdal kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Med trening som rusmiddel

Det finst mange måtar å ruse seg på. Fysisk aktivitet er god metode for å behandle pasientar med rus og psykiske lidingar.

Årdal: Det fortel Harald Munkvold, som er ruskoordinator i Helse Førde. Onsdag var han i Årdal for å snakke om fysisk aktivitet som behandlingsmetode til tilsette ved NAV og psykiatrihelsetenesta i Årdal. 

– Her eksiterer det allereie eit tilbod for pasientar med rus og psykiske lidingar, såkalla ROP-pasientar, og mellom 10-14 nyttar seg av tilbodet i dag, fortel Nadiya Melnykova, som jobbar som miljøterapeut i Årdal kommune. 

– Det er viktig at fagfolk skal få påfyll med erfaringar og tankar rundt dette temaet. Harald har mykje erfaring med slik type grupper som me har i Årdal.

Trening som ein erstatning

Munkvold jobbar med å gi omtrent det same tilbodet som her i Årdal, der ein tilbyr dagleg aktivitet for pasientar med psykiske og somatiske lidingar. 

Målet er at ein erstatta rusmiddel med dei same lykkehormona ein får gjennom trening. 

– Det finst mange måtar å ruse seg på. Ein måte er rusmiddel, ein annan er frisk aktivitet. Då må ein definere rus. 

– Etter mine omgrep er det gode opplevingar du føler i augneblinken. Det er jo augneblinken som driv eit menneske til å ruse seg, ikkje morgondagen. Om det var morgondagen, ville ingen rusa seg fordi den er brutal når det gjeld rusmiddel. Rus gir fordelaktige opplevingar i augneblinken, og dei augneblinkane erstattar me med frisk aktivitet, forklarar han.

«Runners high»

Munkvold har sjølv opplevd rusmiddel på kroppen, så han veit kva han snakkar om når han samanliknar dei to tinga. Han fortel om ein gong han sprang London Maraton og opplevde same type rus.

– Det er ei klar rusoppleving. Eg følte alle desse tinga som ein opplever med rusmiddel. Viss ein har vore borti heroin og andre rusmiddel som eg har, så kjenner du at dette er heilt likt. Dette vert jo definert som «runners high».

Lensmann Magne Knudsen har tidlegare sagt at Årdal har lite kriminalitet, men er open på at rus er ei utfordring. Slik sett er trenings som rusmiddel eit viktig tilbod å ha i kommunen.

– For å jobba med rus må ein sjå at det er ei utfordring. Då kan ein anten følgja opp brukarar tett, eller førebyggja og jobba systematisk med eit godt system.

Til toppen