VÅRSNØ: Å bevege seg på ski eller brett i fjellet på denne tida av året, er noko som freistar mange. Då kan det vera greitt å ha med seg tips om vårsnøen. Arkivfoto: Årdal Turlag.
VÅRSNØ: Å bevege seg på ski eller brett i fjellet på denne tida av året, er noko som freistar mange. Då kan det vera greitt å ha med seg tips om vårsnøen. Arkivfoto: Årdal Turlag.

Med vårsnøen må du hugse på dette

Betydeleg snøskredfare i Sogn og Jotunheimen.

Årdal: Laurdag vart til saman 13 personar tekne i snøras ved høvesvis Steindalsnosi på Sognefjellet og Vangsen i Jostedalen. 

I skredet ved Steindalsnosi vart ti personar tekne av raset, der to av desse blei frakta til sjukehus med skade. Ved Vangsen gjekk det betre, då alle tre som vart tekne, kom seg ut på eigehand utan skade.

Svakt lag

I Sør-Noreg er skredproblematikken i stor grad relatert til at det ligg eit svakt lag under flak av fokksnø. Dette har resultert i ei rekkje fjernutløysingar, naturleg utløyste skred og skred som er utløyst av skiløparar.

– Snøskredsituasjonen i heile landet vårt er no kompleks, åtvarar snøskredvarslar Birgit Rustad på varsom.no.

– Me anbefalar å vente med turar i bratt terreng om du ikkje har kontroll på snø- og skredforholda der du er.

Den siste tida har snøskredfaren i Sogn og Jotunheimen lege på oransje, eller betydeleg, nivå. 

Gode tips

På varsom.no kan ein sjekke korleis det ligg an med snøskred i fjellet, og dei kjem også med gode tips ein kan ha med seg når det gjeld vårsnø.

  • Nattefrost er positivt. Viss det har vore overskya om natta, vil ikkje snødekket ha fryst til. Det vil allereie frå tidleg morgon av vera mykje vatn i snøoverflata, og snøoverflata vil vere mjuk.
  • Kritisk mengde med blaut snø er innsynking av fot til ankelhøgde. Ved slike mengder blaut snø er det sannsynleg at du som ski- eller brettkøyrar løyser ut skred.
  • Større mengder blaut snø kan forventast når fjellsida badar i sol og/eller temperaturen er på sitt høgste, og særleg i kombinasjon med varme vindar. Varm vind er det som smeltar snøen mest. 
Til toppen