AVSLUTTA MED SIGER: Kaupanger sitt damelag avslutta vårsesongen på best mogleg vis med 2-1-siger over Arna-Bjørnar 2. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik. 
AVSLUTTA MED SIGER: Kaupanger sitt damelag avslutta vårsesongen på best mogleg vis med 2-1-siger over Arna-Bjørnar 2. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

– Med vårt beste lag er me klart sterkast i divisjonen

Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde har framleis god tru på opprykk. 

Arna-Bjørnar 2 – Kaupanger 1-2

Kaupanger: Trenaren fekk den perfekte gåva på bursdagen sin då Kaupanger-damene slo Arna-Bjørnar 2-1 etter scoringar frå Andrea Hopen og Marte Bjelde Hjelmhaug.

– Det var ein kamp der me byrja ganske dårleg, så eg var litt bekymra i starten. Me låg under 0-1 og verka litt sjokka over tempoet, men me klarte å heva oss fekk utlikna til 1-1.

– I 2. omgang scorar me tidleg og har mange sjansar, bommar på straffe og treff stolpen, men får ikkje 3-1. Det blei litt for spennande, men me ror det i land og er det klart beste laget. Det var ein fantastisk innsats, oppsummerer Rinde.

Stabilitet og ro

Det sender laget opp på ein 3. plass på tabellen, fire poeng bak Hinna og Sandviken 2. Sistnemnte har ein kamp att å spele før dei også kan ta ferie saman med Kaupanger. 

– Vårsesongen har gått bra etter at me klarte å snu den negative trenden. Me ville hatt fleire poeng for det var tøft i starten med skadar, sjukdom og spelarar på landslagsoppdrag. Me fekk aldri heilt ro i starten, seier trenaren.

– Etter kvart har me fått stabilitet, og eg er overbevist om at me er det beste laget i divisjonen når me kan stille med dei beste spelarane våre. Eit godt døme på det er at me knuste Hinna 5-0. Med stabilitet og ro skal me vere med i toppen til hausten.

Forsterkar i sommar

Ambisjonane er heilt klart opprykk, og med ei slik avslutning på sesongen, ligg laget no godt an før haustsesongen startar i august.

– Det blir tøft fordi me har eit ungt mannskap. Det svingar litt, så utfordringa er å få stabilitet i prestasjonane og få alle på heile vegen. Eg har tru på at me kan få til noko signeringar i sommar også, så då skal me bli gode til hausten. Det er eg sikker på.

Til toppen