TENK DYKK OM: – Ver snill med de sjølve og andre. Det er kjempekjekt med nett, men ver bevisste på kva de legg ut. Lurar de på noko så spør foreldre eller oss her på skulen, seier Astrid Brørs, lærar ved Lærdalsøyri skule. Foto: Ina Eirin Eliassen 

Med vett på nett

Elevane ved Lærdalsøyri skule veit godt kva ein selfie er og kor fort eit bilete kan bli delt på internett.

4. til 6. klasse var samla til fellestime om nettvett under vennskapsveka for heile Lærdalsøyri skule onsdag. Dei fekk dei sjå korte videosnuttar med problemstillingar om kva dei kan møta på nett, før dei diskuterte kva som er lurt å gjera i lag med læraren Astrid Brørs, som er IT-ansvarleg på skulen. 

Kjekt å bli betre kjent

Andrine Hagheim, Daniel Hunderi og Samuel Eines frå 4. klasse tykkjer det er bra å få nokre reglar for kva som er greitt og ikkje når dei er på internett. Dei tykkjer det er kjekt med vennskapsveke og fellestimar, slik at dei blir kjent med folk dei elles ikkje hadde blitt kjent med. 

GODT Å HA REGLAR PÅ NETT: Andrine Hagheim (f.v), Daniel Hunderi, Samuel Eines, Markus Damstuen, Amalie Lysne Walaker og Adrian Mo Rognes frå 4. klasse ved Lærdalsøyri skule.
GODT Å HA REGLAR PÅ NETT: Andrine Hagheim (f.v), Daniel Hunderi, Samuel Eines, Markus Damstuen, Amalie Lysne Walaker og Adrian Mo Rognes frå 4. klasse ved Lærdalsøyri skule.

– Var de overraska over ting de har lært om i dag?

– Det er litt rart at det går an å gjere noko ulovleg på nett, seier Daniel. 

– Det er også rart å tenkje på kor fort eit bilete kan bli delt til så utruleg mange på nett, seier Andrine. 

– Derfor er det lurt å ikkje ta bilete som du er redd for at kan blir delt, legg Samuel til. 

Sendte du den kjipe meldinga?

Den ein filmen er det ein gut som sender eit bilete på tekstmelding utan å tenkje seg om. Så vart bilete lagt ut på nett og spreidd med alle vindar.

– Kanskje tenkte han som delte bilete at det var på spøk eller fleip. Men me kan ikkje bestemma kva andre skal tåle. Korleis du vil bli sett er det du som bestemmer, seier Brørs. 

TEMA SOM ENGASJERER: Ivrige hender skyt i lufta, der dei fleste hadde noko å seie eller å spørja om. 
TEMA SOM ENGASJERER: Ivrige hender skyt i lufta, der dei fleste hadde noko å seie eller å spørja om. 

Elevane er klar over at nokon kan føle seg mobba gjennom nettet og at dei ikkje kan legge ut eit bilete utan at det er greitt for vedkommande. Brørs minnar også om at dei ikkje er anonyme på nett og at dei bør tenkje på kor mykje privatinformasjon dei legg ut.  

– Om de er åleina heima, ikkje skriv det på til dømes Facebook. Ingen veit kven som kan tenkje seg å ta turen innom då dei veit det berre er ungar heime, seier Brørs.

Ho legg også til at om ein er sint på nokon, ikkje ta det på nett med ta det med personen direkte. Å kalle folk med skjellsord på nett kan i nokre tilfelle vera ulovleg og gi bot. 

STARTAR TIDLEG: Astrid Brørs, lærar og IT-ansvarleg ved Lærdalsøyri skule har undervisning i nettvett for 1. til 10. klasse.
STARTAR TIDLEG: Astrid Brørs, lærar og IT-ansvarleg ved Lærdalsøyri skule har undervisning i nettvett for 1. til 10. klasse.

Tilpassa opplegg for ulike trinn

Tidligare på dagen har Brørs hatt ein time med nettvett for 1. til 3. klasse. Dei fekk sjå film frå medietilsynet om andungen Digiduck som gjer nokre oppdagingar når han tenkjer på å legge ut eit bilete av venen sin på nett, før dei hadde quiz og snakka om nettvett. 

– Me legg opp ulike opplegg for elevande frå 1. til 10. klasse. Det er også viktig å ikkje skremme, men lære dei at nettet er ein fin plass å vera om ein tenkjer seg om, seier Brørs. 

Til toppen