FESTIVALPANNEBAND: Torbjørn Selseng (t.h.) med det eigedesigna Vinjepannebandet som også Sigrid Skjerdal og Eirik Gyllensten har skaffa seg. Privat foto
FESTIVALPANNEBAND: Torbjørn Selseng (t.h.) med det eigedesigna Vinjepannebandet som også Sigrid Skjerdal og Eirik Gyllensten har skaffa seg. Privat foto

Med Vinjepanneband på Vinjerock

Torbjørn Selseng har strikka femti panneband med motiv og sitat av Aasmund Olavsson Vinje. 

Sogndal/Eidsbugarden: – Eg laga eit design som eg tykte var kult og sende det til Vinjerock med eit handskrive brev vedlagd. Og det vart tommel-opp, seier Torbjørn Selseng.

På ein studenthybel i Oslo strikkar sogndølen og studenten Torbjørn Selseng panneband på ei strikkemaskin som kaprar ein betydeleg del av opphaldsrommet. Dei sel han via nettsida bjoddn.no, både panneband som kundane designar sjølve, eller som er predesigna.

– Temmeleg sesongbasert

Og no når det er tid for Vinjerock har altså Selseng ein ny og svært så eksklusiv kolleksjon klar.

Les også: Tiårsjubileum for Vinjerock

– Dette eg driv med er jo temmeleg sesongbasert, så eg måtte finna ein måte å tena litt pengar på om sommaren. Då var det heilt ideelt å få til eit samarbeid med Vinjerock for det eg prøver å skapa. Her oppe kryp jo gradestokken ned i einssifra, og då treng ein panneband.

Sjølvsagt er det Aasmund Olavsson Vinje som prydar det nye designet, samt det velkjende Vinjesitatet "Kosa seg".

Artikkelen held fram under biletet

VINJE: Liten tvil om kven det er Torbjørn Selseng har strikka inn i pannebandet eksklusivt for Vinjerock. Privat foto
VINJE: Liten tvil om kven det er Torbjørn Selseng har strikka inn i pannebandet eksklusivt for Vinjerock. Privat foto

– Det er utruleg kva ein kan designa med nokre masker. Pannebandet som blir seld her er nok heilt klart det eg har lagd mest sjel i. Det er litt meir "finstrikka" enn dei andre pannebanda eg har. Sjølvsagt av norsk rørosull, og berre det.

Håpar å gjera panneband til levebrød

Selseng fortel han brukar om lag førti minuttar på å strikka eitt panneband. Til Vinjerock har han strikka femti i Vinjedesignet, altså har det gått nokre arbeidsdagar.

– Femti høyrest kanskje litt pessimistisk ut, men det skulle faktisk godt gjerast å strikka fleire. No blir dei selde som ein del av den offisielle Vinjerock-merchandisen, så får me sjå korleis det går. Det er første gong eg gjer noko slikt.

På sikt håpar han å gjera pannebandstrikkinga til eit levebrød.

– Det er framleis ein våt draum, men eg er no anlagd slik at når eg startar på noko går eg fullt inn for å gjera det skikkeleg og prøver å koma så langt eg kan. Så får verda ta i mot eller avvisa, det ligg utom mi makt. 

 

Til toppen