ØKONOMISKE KUTT: – Store forklaringar frå dei to kloke, utan å talfeste noko, skal vise at dette er heilt logisk og normalt, skriv Arne Sanden. Arkivfoto
ØKONOMISKE KUTT: – Store forklaringar frå dei to kloke, utan å talfeste noko, skal vise at dette er heilt logisk og normalt, skriv Arne Sanden. Arkivfoto

MEININGAR

– Med von om kloke avgjerande svar

– Alle er ikkje like kloke og flinke som noverande ordførar og varaordførar i Lærdal, skriv Arne Sanden, som tilsvar til ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og varaordførar Trond Øyen Einemo (H).

Det er heller ikkje ein tidlegare ordførar og det er grunnen til at eg stiller spørsmål, med von om kloke og avklarande svar.

Og eg takkar for svaret. Ei lita avklaring i starten. Eg, og mange med meg, oppfattar kutt i årsverk som eit tiltak for varige reduksjonar av lønnsutgiftene. Ved å kutte 19 årsverk, slik rådmannen i Lærdal hevdar er gjort dei siste 2 åra, skulle ein tru kutta ville vise att gjennom reduserte lønnsutgifter i dei kommunale rekneskapa. Men slik seier dei to kloke i Lærdal at det ikkje er. Store forklaringar frå dei to kloke, utan å talfeste noko, skal vise at dette er heilt logisk og normalt. Eg skal ikkje gå nærare inn i forklaringane til dei to, for ei nærare grunngjeving med tal må dei sjølve stå for.

Men eg vil likevel kort påpeike at dei tek feil med omsyn til verknadane kring brannen i 2014. Branninnsatsen frå andre brannvern vert ikkje ført som løn i Lærdal Kommune sitt rekneskap, men som kjøp av ei teneste frå andre. Rekneskapstala viser elles at løn til vakt og utrykning innan brannvernet var ca. 120.000 lægre i 2014 enn i 2012. Verknaden vert dermed den motsette av det dei to kloke hevdar.

Meir til administrasjon og mindre til oppvekst er god H og Sp-politikk, som gagnar innbyggarane godt.

Så vil eg kort vise til at dei rekneskapførte og Kostrarapporterte lønnsutgiftene til administrasjon i Lærdal Kommune auka med heile 41 prosent frå 2011 til 2014. Samstundes kutta Solheim og Einemo ressursane innan skule og barnehage. Meir ressursar til administrasjon og mindre til gode tenester innan oppvekst er god både Høgre og Senterpartipolitikk, som gagnar innbyggarane i Lærdal godt.

Til slutt vil eg nok ei gong vise til Årdal Kommune, der dei og har kutta mange årsverk og der kutta syner att gjennom ein reduksjon i lønsutgiftene på 5,5 prosent i same tidsrom som dei tilsvarande lønnsutgiftene i Lærdal aukar med 6,6 prosent. Det skulle forklare det meste!

  • Her finn du kommentaren frå Solheim og Einemo, som Sanden svarar på i dette innlegget: Korleis er det mogleg?

 

Til toppen