NY BAKAR: Lisa Gilje Pedersen (20) frå Vatne like utanfor Sandnes er tilsett som ny bakar på Tya Bakeri i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY BAKAR: Lisa Gilje Pedersen (20) frå Vatne like utanfor Sandnes er tilsett som ny bakar på Tya Bakeri i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Medan du søv, eltar ho deigar som blir til ekte handverksbrød​

Lisa Gilje Pedersen (20) er tilsett som bakar på Tya Bakeri. – Det blir ei erfaring for livet, seier ho.

Årdal: Bakaren har berre vore i jobben i knappe to veker, men er entusiastisk over den nye jobben som ho no skal ha det neste halve året. 

Og sjølv om det er litt tilfeldig at ho havna i akkurat Årdal, føles det likevel som heime. For dei siste to åra har ho nemleg tilbragt nett over fjellet på Bakeriet i Lom, der Tya-venen Morten Schakenda er sjef.

– Det var ei oppleving i seg sjølv og første gong eg var så langt vekke frå heimen min i Sandnes. Det var ein interessant plass å ha læretida si, men eg gjorde eit rett val, seier Pedersen.

Handverksbakar

Schakenda var som kjend med som ein slags konsulent då Tya Bakeri opna dørene, der han bidrog med sine erfaringar frå Lom, der han driv eit ekte handverksbakeri, akkurat som det i Årdal.

– Det var nokre harde og lærerike somrar der med storproduksjon, men framleis handverk. Det var utruleg å sjå kor mykje me klarte å produsere med berre hendene, seier ho.

Slik er det også i den nye jobben hennar. Etter meget vel bestått svenneprøve var læretida i Lom over. Planen var eigentleg å flytte heim til Rogaland, men så dukka plutseleg stillinga som bakar på Tya opp. 

– Dei var på jakt etter ein handverksbakar, og stillinga var akkurat det eg var på jakt etter. Eg visste ikkje kor det var, men då eg søkte det opp, viste det seg at det var rett over fjellet frå Lom. Eg reiste på intervju, og eg trur eg fekk eit like godt inntrykk av dei som dei fekk av meg, for berre nokre veker seinare starta eg i jobben, smiler ho.

Kundane er villig til å betale ekstra

No har ho vore i jobben i snart to veker og trivst godt. Ho føler seg som heime, fortel ho, og trur dette vil vere ei oppleving for livet – sjølv om det ikkje alltid er like sosialt i dette yrket. Medan du ligg og søv, er bakaren allereie godt i gang med det som skal bli bollar og brød neste dag.

– No for tida er det mykje meir fokus på handverk, og eg ser at kundane er villig til å betale litt ekstra for eit brød som det ligg mykje tid bak. Det er kjekt å sjå at det stadig dukkar opp fleire små bakeri rundt i Noreg. Sjølvsagt treng me dei store produsentane, men eg trur dette er eit yrke som blir betre og betre, der ein går litt tilbake til det gamle. Det synest eg er kult, seier ho.

Sjølv hadde ho ikkje sett føre seg at det var dette yrket ho skulle inn i etter å ha vakse opp med ei mor som er konditor. Å jobbe om natta er ikkje alltid like sosialt, men går for ein periode – og Pedersen ser det positive i det.

– Eg får sjå heile produksjonen frå start til slutt, og ting kan endra seg frå dag til dag. Det er liksom meir opp til meg i staden for ei maskin. Og så er det kjekt å koma innom bakeriet på dagtid og sjå folk eta det som eg har produsert om natta.

Får prøve seg med eigne oppskrifter

Med Pedersen er dei no to bakarar på Tya. Det betyr at sjølv om ho er fersk, vankar det mykje ansvar på 20-åringen. Det likar ho.

– Kollegaen min inspirerer meg, og eg får ganske frie tøyler. Eg kom nettopp med ei oppskrift eg sjølv hadde laga i Lom på sirupsbrød, og det var ingen problem å lage, så då lagde me det ein måndag og skal lage det att neste helg, seier Pedersen.

– I tillegg har me planar om eit slags vekesbrød der me prøver ut ulike typar brødprodukt eller leike litt med mjøltypar og surdeig. Det trur eg me skal få til. 

Medan Utla Café og Bar er stengt, er Tya Bakeri det einaste cafétilbodet i Øvre Årdal på dagtid. Det betyr at det er svært travelt om dagane.

– Det verkar som at alle i bygda elskar bakeriet, men kundane krev sitt, og me må halde ein viss standard. Me produserer reint og lokalt, og i tillegg samarbeider me med bryggeriet. Det er eit stort pluss. Tyabrødet er fantastisk. 

Til toppen