Årdal: – Eg får eit varsel i ein app når det er nordlys på gang. Når det byrjar å nærme seg seks KP, då er det ganske godt synleg på himmelen viss ein kjem seg vekk frå lyset frå bygda. Då er det berre å finna seg ein plass.
Tysdag kveld var han på farten att. Først oppi svingane mot Heirsnosi. Så heim att ein tur. Så kom meldinga om at det tok av i Luster, så då stakk han ut mot Vikadalen.

– Eg la meg halv to, smiler Jan Ove Skjerping frå Årdalstangen.
– Korleis går det då når du skal opp att på jobb?
– Ingen problem, ler han.
Vil fange bygda frå nye sider
Resultatet ser de øvst i artikkelen. Fantastiske motiv som viser bygda frå si aller beste side med eit dansande mystisk lys på himmelen. Folk valfartar til Noreg for å oppleve slike augneblink. Skjerping fangar dei og samlar på dei.
Artikkelen held fram under biletet.

– Eg er ute etter motiv som ingen andre har tatt før meg. Difor går eg mykje oppi fjellsidene og er stadig på jakt etter nye plassar. Eg får nesten kink i nakken fordi eg støtt går og ser etter fine plassar å fotografere frå. I januar sat eg tre timar i minusgrader på Seimsåsen for å fotografere ein meteorskur.
Det er lyset som fascinerer, fortel han, medan andre fotografar inspirerer. Naturen i Årdal motiverer – bokstaveleg tala.
– Her er det plenty med motiv. Eg prøver stadig å finna nye slik at ein slepp dei sama bileta – helst plassar det aldri har vore menneske før omtrent. Det går ganske greitt å gå i fjellet. No har kome på noko lurt ved at eg hiv ut refleksar medan eg går oppover. Då finn eg vegen ned att òg.
Artikkelen held fram under biletet.

– Det har vore nokre kveldar eg har rota litt og lurt på kor eg har vore, seier han.
Mange set pris på bileta
Hobbyen, som har blitt eit slags levebrød – han har laga enkeltmannsforetak og profilerer seg med Facebook-sida Janos foto, er det mange som set pris på.
– Det er ufatteleg mange utanbygdsfrå som set pris på bileta eg legg ut av bygda på Facebook. Det hender eg får melding i innboksen frå folk som lurer på når det neste kjem. Nokre vil også kjøpe bilete, så eg sel litt bilete, men det er ikkje noko levebrød, seier han.
Artikkelen held fram under biletet.

Foto-interessa kom med eldste dottera. Då gjekk Skjerping til innkjøp av sitt første speglreflekskamera. Men det er ein kostbar hobby, spesielt den gongen.
– Du betalte 120 kroner for ein rull, venta ei veka, og så oppdaga du at du ikkje hadde treft. Det er litt lettare no, legg han til.