UTAN BESTYRAR: Eigar av Eidsbugarden Hotell Ola Moe jaktar nye bestyrar etter at Olav Kjell Moen frå Årdal har sagt opp driftsavtalen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
UTAN BESTYRAR: Eigar av Eidsbugarden Hotell Ola Moe jaktar nye bestyrar etter at Olav Kjell Moen frå Årdal har sagt opp driftsavtalen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

..medan Eidsbugarden Hotell jaktar ny bestyrar

Olav Kjell Moen gir seg som bestyrar på det tradisjonsriket hotellet. Eigar Ola Moe er på jakt etter nye drivarar.

Årdal/Vang:– Me har avslutta vår driftsavtale, seier Olav Kjell Moen, som denne sesongen har vore bestyrar på Eidsbugarden hotell.

Det tradisjonsrike hotellet ved Bygdins breidd vart i 2013 kjøpt av investor Ola Moe - som også eig Hotell Mundal i Fjærland. Då hadde Eidsbugarden hotell vore stengd sidan ein vasslekkasje to år før som øydelagde åtti prosent av bygningsmassen.

Moe fekk orden på bygningen og starta opp att drifta med nye bestyrarar sommaren etter. Men det har altså vorte fleire utskiftingar i ettertid.

Fleire kandidatar

Moe er likevel klar på at det blir drift ved det ærverdige hotellet også komande sesong .

– Me har fleire kandidatar som me jobbar med, seier han til Porten.

– Så du er trygg på å få folk til å driva vidare?

– Ja, kvifor skulle eg ikkje vera det? Folk kjem og går i alle verksemder. Ein legg ikkje ned Statoil sjølv om det sluttar nokre personar.

– Går hotellet med overskot?

– Hotellet går brukbart, og eg har forstått på dei som sit direkte med økonomien at me har overskot, ja.

Ser fram til normale somrar

Olav Kjell Moen vil ikkje utdjupa om det er spesifikke årsaker til at han gir seg som bestyrar på Eidsbugarden alt etter eitt år.

– Det er utifrå ei totalvurdering.

No ser han fram til rolegare somrar og håpar han får høve til å hjelpa sonen og kjærasten hans med drifta av Skogadalsbøen - dersom dei får tilslag på søknaden om å halda fram som bestyrarar på DNT-hytta innst i Utladalen.

Les også: Dei vil driva Skogadalsbøen vidare..

Les også: Trur svak krone og terrorfrykt får fleire til fjells

– Utover å hjelpa dei ser eg fram til normale somrar - dei siste fem åra har det ikkje akkurat vore mykje ferie å snakka om. No skal eg prøva å følgja magekjensla litt, driva med det eg har lyst til. Men eg kjem til å gå mykje i fjellet - både heime og gjennom jobben eg har i Explore Travel. Gjennom denne operatøren guidar eg på plassar som Kilimanjaro og Nepal.        

Til toppen