SKAPAR LIV: Lokale butikkar skapar store verdiar i lokalsamfunnet, og er i tillegg med på å skapa liv og møteplassar for folk, meiner næringssjefane.
SKAPAR LIV: Lokale butikkar skapar store verdiar i lokalsamfunnet, og er i tillegg med på å skapa liv og møteplassar for folk, meiner næringssjefane. (Foto: Arkiv)

Veksten i netthandelen kan trua levande bygdesamfunn, fryktar næringssjefane

Like før årets heftigaste kjøpefest går dei saman for å oppmoda folk om å handla lokalt.

Indre Sogn: Me er inne i ei av dei travlaste handlevekene i året.

Men den lokale handelsstanden merkar at konkurransen om kundane er knallhard, ikkje minst frå internasjonale nettbutikkar. Tysdag gjekk næringssjefane i Sogn ut for å oppmoda innbyggjarane om å tenka lokalt når julegåvene skal sikrast.

FELLES FRONT: Næringssjefane i Sogn ser gjerne at fleire handlar lokalt. Foto: Pressefoto

– Mange sogningar er sysselsette i handelsnæringa og verdiskapinga i sektoren er betydeleg. Ved å handla lokalt, støttar du opp om lokale arbeidsplassar og verksemder som betalar skatt til kommunen, skriv dei.

Eksplosiv vekst 

Oppmodinga kjem ikkje i eit vakum. Onsdag opplyser NRK at nordmenn i fjor handla for 15,7 milliardar kroner i utanlandske nettbutikkar. Det er ein vekst på 22,5 prosent sidan 2011.

Tek me med at óg norske nettbutikkar opplever stor framgang, betyr det at butikkane og kjøpesentra må tenka nytt for å henga med. Det handlar om å gje kundane ekstra grunnar til å møta opp.

– Fysiske butikkar fungerer bra, men når me køyrer det saman med helsetenester og alt er på ein plass, er det ein suksess for at folk skal møte opp i staden for å sitje i stova og handla, seier sentersjef Wilhelm Tangerud for AMFI Sogningen i Sogndal til NRK.

Fleire funksjonar

Næringssjefane minner om at handel gjennom historia har vore ei drivkraft for utviklinga av bygder og tettstader. Levande sentrum er viktige både for både tilreisande og fastbuande, og fungerer ofte som møteplassar.

Mange nærbutikkar fungerer óg som post og bank. I tillegg er det lokale næringslivet med å sponsa idrettslag, skulekorps og andre frivillige organisasjonar.

– Kvar krone som blir brukt på lokal handel er slik ei investering i eit levande lokalsamfunn, skriv næringssjefane.

Til toppen