SKI: Sogndalsdalen har verka som ein magnet på skientusiastar i snart ti år, her frå ein måneskinstur til Tylderingen under Fjellsportfestivalen. Det har vore positivt både for turisme og tilflytting. Foto: Håvard Halvorsen
SKI: Sogndalsdalen har verka som ein magnet på skientusiastar i snart ti år, her frå ein måneskinstur til Tylderingen under Fjellsportfestivalen. Det har vore positivt både for turisme og tilflytting. Foto: Håvard Halvorsen

Ski og sykkel trekkjer folk til Sogndal

Oppskrifta med fjord og fjell funkar i turistnæringa både på sørsida og nordsida av Sognefjorden. Men på ulike måtar og med ulike utslag.

Sogndal: – Stisyklinga på Kaupanger er ikkje tradisjonelt reiseliv. Her snakkar me om entusiastar som har starta med dette. Så har det spreidd seg og folk kjem frå andre delar av landet for å sykla på stiane, seier Ståle Brandshaug, dagleg leiar i Visit Sognefjord.

Bygdene i Sogn er alle portar mellom fjord og fjell. Men medan turismen i Årdal, Lærdal og Aurland spelar på  kombinasjonen kultur-historie-natur gjennom fyrtårnsatsingar som Kongevegen i Lærdal, Utladalen og Jotunheimen i Årdal og Aurlandsdalen i Aurland, finn meir actionsøkjande turistar vegen til Sogndal.

For mykje av det gode

Først kom toppturturismen vinterstid. Folk som gjekk oppoverbakke med breie ski og plastsko vart sett på meir som ein kuriositet for ti års tid sidan. Så byrja dette å bli litt meir ålment, og Fjellsportfestivalen vart for første gong arrangert i 2008. Guida toppturar var hovudingrediensen.

Deretter har det berre balla på seg. I dag er topptur på ski reine folkesporten. Sogndal har ligge føre.

Les også: Her lagar dei parkeringsplass til skifolket

Og no kjem altså stisyklinga, som utviklar seg på same vis.

– Frå vår ståstad er det nokre viktige skilnader mellom stisyklinga og toppturane på ski; snøen er ein svært fornybar ressurs, det skapar ikkje sår i naturen og går føre seg på ei tid av året så det ikkje kjem i konflikt med jaktinteresser og beitedyr. Så toppturane på ski har me marknadsførd. Det har me ikkje gjort med syklinga på Kaupanger.

Likevel breier syklinga om seg. Så mykje at til og med sykkelmiljøet sjølve trykka på pauseknappen, går det fram i ein reportasje på NRK.

– Me har eit fantastisk utgangspunkt her i Sogn. Det er ein kvalitet på stiane som er heilt unik, både i landssamanheng og internasjonalt. Me ser stadig fleire syklistar ute i terrenget. Men me ser også at stiane blir slitt med den auka trafikken. Det er ei utfordring som me vil ta tak i, fortel Haakon Walnum, leiar i Sogn Terrengsykkel, lokallaget av Norsk organisasjon for terrengsykling (NOTS).

Artikkelen held fram under biletet

STISYKLING: Dette er vorte så populært på Kaupanger at sykkelentusiastane sjølve vil trykkja på "pauseknappen".
STISYKLING: Dette er vorte så populært på Kaupanger at sykkelentusiastane sjølve vil trykkja på "pauseknappen".

Grobotn for tilflytting

Vidare fortel han til NRK at stisyklinga gir grobotn for tilflytting:

– Det viktigaste er folka som bur her, og dei som vil flytta hit. Det er stor verdiskapning i folk som vil flytta hit. Enno større enn det me kan tena på turistar. Me må ikkje øydelegga grunnlaget for tilflyttinga.

Slik har det også vore med skiturismen. Moglegheitene for dei pudderelskande i Sogndalsdalen og nærleiken til Jostedalen samt Hurrungane gjer at fleire som reiste til Sogndal som skituristar i utgangspunktet har flytta til bygda dei seinare åra. Gjerne høgt utdanna folk, som dei seks ingeniørane i denne videoen i regi av Framtidsfylket frå 2011.

Samstundes er det også meir tradisjonell turisme i Sogndal a la på sørsida av fjorden - altså folk som er ute etter ein aktiv ferie utan å vera veldig ski- eller sykkelinteresserte, understrekar Brandshaug i Visit Sognefjord: 

– Vandring er noko alle kan driva med, toppturer på ski og stisykling er for mykje færre.

Til toppen