BER OM MØTE: Ordførar Jarle Aarvoll (innfelt) i Sogndal ønskjer eit møte med Widerøe for å diskutera rutetilbodet og bygging av ein hangar ved Sogndal lufthamn.
BER OM MØTE: Ordførar Jarle Aarvoll (innfelt) i Sogndal ønskjer eit møte med Widerøe for å diskutera rutetilbodet og bygging av ein hangar ved Sogndal lufthamn.

Medan sognakommunar samla inn millionar til flyplassen, kutta Widerøe ei viktig direkterute

Flyselskapet skuldar på passasjersvikt. Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal ber om møte.

Sogndal: – Me jobbar målretta for å styrka rutetilbodet, men så blir det svekka utan at me blir involverte, seier ordføraren.

Det han reagerer på er at ettermiddagsflyet som inntil nyleg gjekk direkte til Oslo, no går via Florø. Det betyr ei dobling av reisetida og ordføraren meiner at endringa skjedde mot tidlegare lovnader frå Widerøe.

– Med eit pennestrøk vert det gjort endringar som får konsekvensar over natta. Det kan dei ikkje gjera, det er ikkje slik me vil ha det, seier ordføraren.

Skuldar på sviktande marknadsgrunnlag

Widerøe seier dei var tvungne til å gjera grep, fordi det ikkje var nok passasjerar på ruta slik det var.

– Me valde difor å legga ruta via Florø for å få eit større marknadsgrunnlag og dermed sikra at me kunne oppretthalda ho. Skulle det skje ting i Sogndal som gjer at etterspurnaden aukar, så vil me sjølvsagt vurdera å køyra denne direkte mellom Sogndal og Oslo igjen, skriv kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe i ein e-post.

Denne forklaringa kjøper ikkje ordføraren. 

– Når du styrkar tilbodet, så aukar du etterspurnaden. Potensialet er stort, trur han.

Ber om møte med Widerøe

Ordføraren seier dei har fått på plass omtrent halvparten av dei ti millionane det kostar å få bygd ein hangar for nattstasjonerte fly på Haukåsen. Ei rekkje sognakommunar og næringslivet har vore med på spleiselaget, som ordføraren er trygg på vil koma i mål.

Får dei eit nattstasjonert fly vil det både gje betre kapasitet og regularitet på avgangane. Det er fordi flya vil vera tomme når dei rullar ut av hangaren om morgonen og fordi det er lettare å ta av enn å landa i dårleg vêr.

– Det er få saker me arbeider så samla for. Kommunane har verkeleg levert gjennom vedtaka dei har gjort, seier ordføraren og siktar til tilskota som har blitt gjevne i budsjettmøta til mange kommunestyre rundt om i desember.

No ønskjer han noko attende for den lokale viljen til å satsa. Kommunikasjonsdirektøren i Widerøe seier dei har fått med seg ønsket om eit møte.

– Widerøe takkar alltid ja til å møta ordførarar, næringsliv og andre som ønskjer å snakka med oss. Eventuell hangar og overnattande fly er eit naturlig tema i dette møtet, skriv Brandvoll 

Til toppen