SNART FOTOGRAF: Mariel Hov Molland går ei målretta framtid som fotograf i møte etter tre yrkesretta år på medielinja i Sogndal.
SNART FOTOGRAF: Mariel Hov Molland går ei målretta framtid som fotograf i møte etter tre yrkesretta år på medielinja i Sogndal. (Foto: Privat/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Media har ledige skuleplassar for fyrste gong på årevis - Mariel (18) trur grunnen er ei statleg endring

Linja medium og kommunikasjon har alltid vore eit yrkesretta tilbod, men no er det heller blitt eit studieførebuande program.

Luster: – Eg føler meg sjukt heldig som var i det siste kullet som fekk gå ei yrkesretta medielinja, seier Mariel Hov Molland. 

Ho har nettopp avslutta tre år på linja medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule, og kome inn på ein prestisjetung fotoskule i Trondheim. 

– Medialinja har heilt klart hjelpt meg til å nå måla mine, seier Hov Molland.

Før var det ventelister, no er det ledige plassar

– Då eg skulle byrja på vidaregåande var media det einaste eg ville. Den gongen var det lange ventelister på linja og mange kom ikkje inn, fortel ho. 

No er det ledige studieplassar ved begge skulane som tilbyr medium og kommunikasjon i fylket, noko det sjelden har vore tidlegare. 

– Tidlegare var det eit yrkesfagtilbod, men no er linja blitt eit studieførebuande program som følgje av ei statleg endring. Då seier det seg sjølv at tidlegare var det meir innslag av yrkesfag enn det kjem til å vera no. Klassane har i tillegg plass til 30 elevar framfor 15, forklarar kontorsjef i fylkeskommunen, Ingeborg Lie Fredheim.

Fredheim: – Endringar kan påverka søkarmønsteret

På Hafstad vidaregåande skule er det 31 ledige plassar fordelt på tre klassenivå, medan på Sogndal vidaregåande skule er det 28 ledige plassar fordelt på to klassenivå. 

Då Hov Molland får høyre dette er ho ikkje overraska. 

– Det var vel det eg hadde forventa med dette nye opplegget. 

Ho tykkjer det er dumt at linja ho har gått på har blitt eit studieførebuande program. 

– Eg er usikker på om eg ville valgt media med det nye opplegget. Det er synd det ikkje er yrkesretta lenger, og eg trur faktisk det er årsaken til mange ledige plassar i år.

Lie Fredheim kan ikkje stadfesta at det nye opplegget er grunnen til nedgong i tal på søkarar. 

– Det er vanskeleg å vete om dette er grunnen til at færre har søkt media, og eg har ikkje noko grunnlag for å seia at dette er ein negativ endring. Tilbodet skal legga godt til rette vidare, men sånne endringar kan påverka søkarmønsteret.  

Hov Molland: – Trur ikkje eg hadde greidd det i dag

Hov Molland meiner det er ein god grunn til at media har vore ei yrkesretta linje i alle år, og at dei nye endringane kan gå utover nye elevar. 

– Eg har ikkje bruk for å lære meg spansk eller avansert matematikk på media i det yrket eg skal ut i. Dei fleste som går på media vil jo gjerne fortsetta i mediabransjen. 

Ho trur ikkje ho hadde greidd å gå på media med dei nye endringane. 

– Matematikken me hadde var jo ikkje så vanskeleg fordi me slapp unna r-matte. Eg slit med det faget og hadde nok ikkje greidd det med det nye opplegget. Eg trur òg det kan bli vanskelegare å fullføra skulen for ungdom som allerede har litt vanskar med faget. 

Blei motivert av medielinja

FOTO: Mariel er blitt svært glad i fotografering og fotokunst etter åra på media. Her er eit av verka hennar. Foto: Mariel Hov Molland

Hov Molland legg ikkje skjul på at det er viktig med ei yrkesretta medielinje, og at det har hjelpt ho dit ho er i dag. 

– Eg har brukt masse fritid på å bli flink, og då gav media meg motivasjon vidare på vegen. Både til å skape eiga bedrift, men og jobba hardt slik at eg kunne koma inn på fotografskulen eg kom inn på, seier ho.

Til toppen