BLANDA KJENSLER: Medieelev Sara Lysgård ved Sogndal vidaregåande skule er glad for at det blir lyst ut ein ny førsteklasse på medialinja, men samstundes skuffa over at tredjeklassingane mistar utdanningstilbodet i bygda neste år.
BLANDA KJENSLER: Medieelev Sara Lysgård ved Sogndal vidaregåande skule er glad for at det blir lyst ut ein ny førsteklasse på medialinja, men samstundes skuffa over at tredjeklassingane mistar utdanningstilbodet i bygda neste år. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Medialinja i Sogndal får ny sjanse

Blir lyst ut ny førsteklasse, men tredjeklassingane må flytta på hybel om dei vil halda fram utdanninga.

Sogndal: Hovudutval for opplæring vedtok i dag, tysdag, korleis opplæringstilbodet for neste skuleår skal sjå ut. Det vart ein delt siger for sogndølene.

– No føler eg at medielinja kan få tid til å byggja seg opp att. Det er veldig positivt, seier elev Sara Lysgård ved Sogndal vidaregåande skule.

Ho er glad for at uvalet valde å lysa ut ein ny førsteklasse ved medielinja i Sogndal. Samstundes vart det bestemt at tredjeklassingane ikkje vil få eit tilbod i bygda neste skuleår.

– Det er kjempeflott at dei gir oss muligheiten å behalda medielinja. Samstundes er det synd for elevane som må flytta på hybel og ikkje minst dei som ikkje har høve til det, seier Lysgård. 

Tilrådinga frå fylkesdirektøren var å fasa ut medielinja ved Sogndal vidaregåande skule og gjera linja i Førde fylkesdekkande. Den avgjerda er utsett og medielinja i saftbygda får dermed ein ny sjanse til å bevisa at dei har livets rett.

– Det kunne gått mykje verre, at dei oppretta ei fylkeslinje i Førde, i tillegg til at me som går i andreklasse måtte ha flytta dit. Så på den måten er vi litt nøgde, seier Lysgård.

Til toppen