STOR: Det krev mykje planlegging og stor innsats skal du stabla ein filmfestival på beina. Denne gjengen kan levera stafettpinnen til neste kull etter ei vellukka gjennomføring torsdag kveld.
STOR: Det krev mykje planlegging og stor innsats skal du stabla ein filmfestival på beina. Denne gjengen kan levera stafettpinnen til neste kull etter ei vellukka gjennomføring torsdag kveld. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Medielevane kan pusta ut etter nok ein vellukka filmfestival

Ein filmfestival lagar ikkje seg sjølv. Etter gallakvelden torsdag fekk medieelevane skryt av rektoren, som meiner innsatsen deira er viktig for både skulen og Sogndal som mediebygd.

Sogndal: – Det var mange som kom, og det har vore veldig kjekt, seier Silje Ellingsen.

– Bra stemning og godt publikum, det set me pris på, Hanne Synnøve Eide.

Dei to var konferansierar under gallaframsyninga fredag kveld, då vinnarane av Sogndal filmfestival 2018 skulle kårast. Bak scena var langt fleire i sving for at showet skulle gå knirkefritt.

Det gjekk nesten.

– Det vart litt krisemodus backstage då me mangla videoane som skulle introdusera dei nominerte kandidatane. Men det ordna seg til slutt, seier Ellingsen.

LEIA SHOWET: Hanne Synnøve Eide (til venstre) og Silje Ellingsen var konferansierar under gallakvelden. Foto: Halvor Farsund Storvik

Fekk skryt av rektoren

Slike detaljar hekta ikkje rektor Ole Jørgen Øygarden seg opp i, då han gratulerte elevgjengen med innsatsen etter at alle prisane hadde blitt delt ut.

– Det har vore utruleg godt planlagt og utruleg godt gjennomført, så det er ein godt nøgd rektor som har fått lov å sitja å salen å oppleva dette saman med kjempeflotte elevar, seier Øygarden.

Etter showet var han raus med både blomane og konfekten då han skulle gjera stas på innsatsen for å få festivalen i hamn. Rektoren er ikkje i tvil om at filmfestivalen betyr mykje for Sogndal.

FORTENT PÅSKJØNING: Elevane bak filmfestivalen fekk både blomar og konfekt av rektor Ole Jørgen Øygarden. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det er viktig for skulen å ha eit slikt kreativt studium, og det betyr mykje for mediebygda som Sogndal har lyst til å vera, og som skulen vil bidra til framover, seier han.

– Heilt unik

– Dei har gjort ein kjempeinnsats, seier lærar Inge Kjell Holme, om elevane sine.

Han meiner arrangementet er med å inspirera unge filmskaparar på heile Vestlandet, samstundes som medieelevane får verdfull erfaring av å stå som arrangørar.

– Det er ikkje så mange vidaregåande skular som har ein filmfestival på dette nivået. I allefall på Vestlandet er han heilt unik, seier han.

Som i fjor nådde ingen lokale bidrag opp i nokon kategoriane. Bygdetelegrafen laga av Pernille Lundgaard ved Westerdals Oslo Act tok juryprisen. Publikumsprisen vart vunne av Jeg lever så lite av Anders Honningdal.

– Det var veldig høgt nivå i år, og det var veldig kult å sjå, seier Eide. Eg håpar alle saman fortset med film, seier konferansier Hanne Synnøve Eide.

VINNARAR: Tre av vinnarane hadde høve til å ta imot prisane personleg. Anders Honnindal vann både dokumentarkategorien og publikumsprisen. Martin Olsnes og Oliver Berg Pletten vann i kategorien Beste animasjon. Foto: Halvor Farsund Storvik
Til toppen