Sogndal/Førde: Hovudutvalet for opplæring skulle onsdag ta stilling til kva studieretningar som skal få halda fram til neste år.
Sjølv om tilrådinga var å flytta tilbodet til Førde, valde politikarane å likevel starta opp ein medieklasse på andre trinnet på Sogndal vidaregåande skule til hausten.
– Me har jobba godt i lag med administrasjonen og politikarane, og me har funne ei løysing som gir rom for tilbodet, seier Torvanger til NRK.no, som første melde om nyheita.
På bakerste benk i Fylkeshuset på Leikanger sat spente elevar og følgde med.
– Me vart oppdaterte undervegs, og er sjølvsagt kjempeglade over utfallet, seier medielærar Inge Kjell Holme.
Han tykkjer vedtaket var ein naturleg konsekvens av det solide søkartalet dei opplevde i vår. Atten søkarar er rekord etter at media vart studiespesialisande retning. I Førde var det til samanlikning elleve søkarar.
– Det viser at linja i Sogndal har ei vanvittig livskraft, seier Holme.
Den einaste endringa av det utlyste tilbodet i Sogndal er at første trinnet på helse og oppvekst vert auka frå 2 til 3 grupper. Ved Årdal vidaregåande skule vart det ikkje vedteke endringar.