Pressemelding: Av 71 søknader, var Porten.no eitt av mediehusa som kom gjennom nålauget på den aller første runden av innovasjons- og utviklingstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium.
– Dette er enormt gledeleg! Me ser det som eit kvalitetsstempel at Medietilsynet har trua på prosjektet vårt og den strategien Porten.no har lagt seg på. No går me inn i ei spanande tid, seier Synne Asheim Haga, dagleg leiar og redaktør i nettavisa.
Potten på totalt sju millionar kroner blei fordelt på 18 prosjekt.
– Ikkje minst er det kjekt at dei ser avisa vår som ein viktig aktør for å sikra lokalt mediemangfald. Dette vil gjera oss sterkare, held Haga fram.
Medietilsynet skriv sjølv at målet med den nye støtteordninga er å styrke mediemangfaldet og den opplyste offentlege samtalen.
Hos Porten.no vil kronene gå til eit vekstprosjekt som skal rusta nettavisa og bidra til å koma endå tettare på lokalsamfunna i regionen.
Vel passert 1200 abonnentar
Elles, i midten av oktober 2018 tok me eit stort steg og lanserte plussløysing. Me hadde fundert på valet lenge, men kom fram til at det var avgjerande for å kunne tilby det stoffet me ynskja.
Sist me opplyste om framgangen, hadde over 900 registrert seg som abonnentar.
– Det har gått over all forventning. Det nye målet er 1000 før påske. Klarer me firesifra tal på eit halvt år, er det mykje meir enn me hadde turt å håpa på, sa Haga då.
No er talet godt forbi 1200. I tillegg har trafikken på 25.000 unike brukarar i veka aukande.
Satsinga har gjort at me har kunna prioritert endå meir kvalitetsjournalistikk, mellom anna «100-åringen som bygde Årdal». I november gjennomførte me vår første utanrikstur. I Ukraina møtte me Oleksandr Chalich, som var tvangsarbeidar under okkupasjonen.
Etter fleire forsøk, klarte Chalich til slutt å flykta frå Årdal. Fleire år etter reiste sonen tilbake for å jobba på verket faren bygde: «Slik fekk han jobb på fabrikken faren bygde som tvangsarbeidar».
Fleire større reportasjeprosjekt er i emning, utviklingsprosjektet er godt i gang, og Porten.no er sterkare enn nokon sinne. Følg med!