OPNA: Robert Sandvik og Øyvind Jevnaker klipper snora på Meirihopen.
OPNA: Robert Sandvik og Øyvind Jevnaker klipper snora på Meirihopen. (Foto: Linda Watten)

Meierihopen opna i strålande sol: – Me greidde det!

Under Fjord til Fjell blei den nye gjestehavna på Årdalstangen offisielt opna, til stor applaus frå dei oppmøtte.

Årdal: – Det er viktig for Årdalsamfunnet at me har eit levande samfunn her på Tangen òg, ikkje berre i Øvre. Me har behov for eit levande samfunn her nede og når me har ein så flott sjøfront må me bruka det me har, seier Robert Sandvik.   

Han er med i styret i Årdal Sjøfront saman med intiativtakar Øyvind Jevnaker.

– Det finst ingen snarveg for å få på plass eit sånt anlegg. Me var tidleg klar over at viss me skulle få til dette måtte me "gjera det sjål". Eit godt årdalsuttrykk som passar i denne samanhengen. 

– Me greidde det!

Jevnaker legg ikkje skjul på at det tidvis har vore krevjande å få til dette prosjektet. 

– Det har vore ein lang og krokete veg å gå, men no som det blei slik me håpa på, så må me gløyme den vegen og gleda oss over at Årdal fekk ei fin gjestehavn. Me greidde det. 

IVRIGE: Mange var glade for at Meierihopen endeleg er opna. Foto: Linda Watten

Sjølv om Meierihopen no offisielt er opna, står det fortsatt att litt arbeid. 

– Prisen så langt er blitt på over 1 millionar kroner, og me har planar om å utvikla det endå meir. Det gjenstår noko arbeid, spesielt på piren. Området der skal løftast endå nokre hakk med benkar og bord, seier Sandvik. 

– Det er gledeleg å sjå at Årdal er i utvikling og at politikarane i området òg vil vera med å utvikla. 

Investor Røysi har gjeve peng 

Ein som har vore med på å realisera Meierihopen er investor Oddvar Røysi som er fødd i Kinserdalen.

– Han har slektsfolk her og me spurde om å få eit møte med han der me la fram planane våre. Deretter spurde han om det var greitt at han gav oss 100.000 kroner til prosjektet og etter det kom fleire lokale til med pengar. 

Viktig med aktivitet på fjorden

Sofie Dokken Andersen er òg med i Årdal Sjøfront og har stått på for å skapa aktivitet på fjorden denne dagen.

– Eg tykkjer det er viktig å skapa aktivitet på vatnet i forbindelse med opninga og når me opnar ein kai så må det jo foregå noko på vatnet. 

RIB: Mange tek turen heilt til Solvorn og Urnes frå Årdalstangen med Adventure Tours Norway. Foto: Lasse Hærum

Mange årdøler kledde seg i gule drakter og reiste på guida omvisning i RIB-båt på fjorden.  

– Det har vore stor interesse og det er fullt på alle turane. Vanlegvis er det ikkje sånn type aktivitet på vatnet så eg trur folk vil vera med på det fordi det er noko nytt og positivt som skjer. 

God stemning i fint vêr

Andersen er glad for det fine vêret og den gode stemninga på Fjord til Fjell.

ENGASJERT: Sofie Dokken Andersen har engasjert folk i å bli med på RIB-tur. Foto: Linda Watten

– Det er fyrste gong me har sol på fleire år, tidlegare har det vore regn og kaldt. Denne gongen har me flytta arrangementet til fyrste veka i juni så du skal sjå det er det som gjer det, seier ho. 

Til toppen