TYDELEGE NOK: Verken fylkesleiar Hilmar Høl i Ap (t.v.) eller sogndalsordførar Jarle Aarvoll (Ap) er med på at dei dårlege valresultata skuldast utydelegheit frå partiet i kommunereformsaka. (Bilde: Ådne Dyrnesli/NRK/Halvor Farsund Storvik)

Stortingsvalet 2017

Meiner Ap har vore tydelege nok om kommunereforma

Fylkesleiaren og sogndalsordføraren er ikkje med på at utydelegheit kring reformane er årsaka til det store valnederlaget. 

Sogndal/Årdal: – Eg føler ikkje me har vore utydelege. Ap har eit landsstyrevedtak på at kommunereforma skal vera basert på frivilligheit, og det har me fronta også her i fylket, seier fylkesleiar Hilmar Høl.

Arbeidarpartiet hadde i stort sett heile vinter og vår skuldingar frå regjeringa si side på seg for å opptre med «tidenes vingling» i saka om kommunereforma. NRK tok også føre seg dei skiftande standpunkta dei ulike partia har innteke sidan 90-talet.

Aleksander Øren Heen (Sp) uttalte også til Porten.no at fordi Ap ikkje har vore eit tydeleg nok opposisjonsparti mellom anna når det gjeld kommunereforma, har det skapt eit rom for Senterpartiet.

Les også: - Ikkje hogd i stein at denne regjeringa består i fire år

– Kan ikkje ha nådd tydeleg nok fram med bodskapen

I Sogndal og på Leikanger har dei ulike innfallsvinklane til reforma frå Arbeidarpartiet kome til uttrykk i praksis. Leikanger stritta i mot og Ap-ordførar Jon Håkon Odd uttalte følgjande til Porten.no då Fylkesmannen kom med framlegg om å slå saman dei to kommunane, pluss Balestrand.

– Vi føler oss umyndiggjorte på Leikanger i dag.

Ap-ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, har ikkje stritta mot kommunesamanslåing. Han har uttalt at han ønskjer det skal vera friviljug, men gjekk fylkeslaget sin representantskap mot at Ap skulle gå inn for å reversera tvangssamanslegne kommunar – dersom Ap kom til makta. Då kom han på mindretalssida, og Ap fronta altså inn mot valkampen at dei ville reversera tvangssamanslåing.

– Eg meiner at når eit vedtak er fatta er det tenleg for den vidare utviklinga å forhalda seg til det, seier Aarvoll til Porten.no

– Men kan det då vera noko i at veljarane har oppfatta Ap som utydelege og vinglete i denne saka, og at mange difor har venda dykk ryggen?

– Eg trur ikkje dette er tida for å dra slike konklusjonar. Men både lokalt i fylket og nasjonalt må partiet ta ein gjennomgang på kva som er gjort. For meg handla dette stortingsvalet om eit verdival; fellesskap og utjamning kontra individualisme og dei store pengane. Og når resultatet vart som det vart kan ikkje me ha nådd tydeleg nok fram med bodskapen vår om utjamning og fellesskap.

Ap-oppslutnad stupte både i Sogndal og på Leikanger

I alle høve gjorde ikkje Ap noko stort val verken på Leikanger eller i Sogndal. På Leikanger gjekk partiet ned med 6,2 prosentpoeng – frå 34,8 prosent under stortingsvalet 2013 til 28,6 prosent denne gongen.

I Sogndal var nedgangen enno større: 30,0 prosent oppslutnad i 2013 og 23,4 prosent no i 2017 – ned 6,6 prosentpoeng med andre ord. På landsbasis var nedgangen til Ap 3,4 prosentpoeng frå 2013 til 2017. Det tyder at ein vesentleg større del Ap-veljarar i 2013 snudde partiet ryggen i dei to kommunane under måndagens stortingsval enn kva som var landssnittet. Og – medan Ap hadde klart størst oppslutnad i både Sogndal og på Leikanger under 2013-valet, vart Sp om lag like klart største parti i begge kommunane no i år.

Eit anna spørsmål no er kva som skjer med regionreforma. Her har også Ap endra noko standpunkt over tid. Partiet var med på å sikra fleirtal for intensjonsavtale om samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland på Fylkestinget før jul. På nyåret snudde partiet og var mot samanslåing, fordi det ikkje kom nok oppgåver med til dei nye reformane etter opplegget frå regjeringa.

– Så er det eit spørsmål kor stor vits det er i å gå mot ei samanslåing no. For, medan KrF har vore mot tvangssamanslåing av kommunar, er dei relativt klare på at dei er for samanslåing av fylker. Då har regjeringa med seg eit fleirtal i saka, og ei samanslåing vil kunne bli banka gjennom uansett kva me meiner her i fylket. Det er realitetane me har å forhalda oss til, seier fylkesleiar Høl.

Men som Aleksander Øren Heen (Sp) er Høl spent på korleis regjeringa vil navigera når Høgre Frp, Venstre og KrF no sit med totalt åtte færre mandat enn sist stortingsperiode – det vil seia at alle dei fire partia må stå samla for å få fleirtal.

– Korleis regjeringa kjem til å takla dette tapet er eit stort spenningsmoment, seier Høl. 

Til toppen