Årdal: I dag er fordelingsnøkkelen 70-30, noko som gjer at Årdal må betale ein stor del av summen det kostar å ha det lokalemedisinske senteret i drift.
Den faktiske summen er på 4,1 millionar kroner, noko som er 1,2 millionar meit enn det som var budsjettert med då dette først vart vedteke. Difor vil årdølene no reforhandla.
– Den totale kostnaden på 4,1 millionar er for så vidt grei fordi me ser at dette er eit løft for Indre Sogn ved å få dette på plass, men det er slik at dette aldri ville blitt noko av om det ikkje var for Årdal si innblanding, seier Hilmar Høl (Ap).
– Kan brukast til mykje godt i Årdal
Han meiner fordelingsnøkkelen er vel stor for Årdals del, og at det er årdølene som må ta det desidert største løftet ved å ha tenesta.
- Les også: Klypte snora for lokalmedisinsk senter
– Dette er pengar me kunne brukt internt. Det er ein vesentleg sum som kunne blitt brukt til å betra alt me har sjølve på eigen plass. Dette er mange kommunale kroner som kunne blitt brukt til mykje godt i Årdal. Lokalmedisinsk senter er i mine augo kome for å bli, men me må få lov til å evaluere og forhandle og få fordelingsnøkkelen tilpassa Årdal, seier Høl vidare.
Han og Arbeidarpartiet sa seg einige med innstillinga til rådmann om at Årdal skal reforhandle avtalen og eventuelt seie han opp 1. januar 2016 dersom forhandlingane ikkje fører fram.
Drastisk
Det tykte Thomas Norheim Moen (Sp) var vel drastisk og bad om forklaring til kvifor ein ønskjer å gjere det på denne måten.
– I avtalen står det at me skal ha ei evaluering etter eitt år. Viss me ikkje varslar oppseiing, kan me ikkje gjera det før utgangen av 2016, og då mistar me eit år til, forklarte rådmann Olve Fossedal.
– Viss kommunestyret ikkje reforhandlar, har me sagt opp avtalen. Det vil leggje press på andre deltakarar for dersom me går ut, vil det falle saman.
Vedtaket i seks punkt vart samrøystes vedteke, og saka skal no vidare til kommunestyret torsdag.