OPTIMIST: Kristoffer Nystedt er optimistisk på Årdal sine vegne når det gjeld reiseliv og turisme. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPTIMIST: Kristoffer Nystedt er optimistisk på Årdal sine vegne når det gjeld reiseliv og turisme. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Meiner Årdal har eit godt utgangspunkt for reiseliv

Kristoffer Nystedt meiner potensialet er stort for reiselivet i Årdal. 

I fjor kjøpte Nystedt opp campingen i Utladalen, og sidan har han gradvis investert tid og ressursar i både campingen, Svalheim gard og eventselskapet sitt. Nystedt har kome inn som eit friskt pust i ei industritung bygd og blitt tatt veldig godt imot av lokalbefolkninga, som skrik etter satsing på reiseliv.

Det er akkurat det han har planar om å gjere, og under årsmøtet i Årdal Næringssamskipnad la han fram sine tankar om korleis han skal klara det.

Godt utgangspunkt

Han fortel at det var ganske tilfeldig at valet til slutt fall på Årdal, men sidan har trua på at det går an å få til noko her verkeleg skote fart. 

– Årdal har store sjansar til å lykkast med turisme og reiseliv ut frå situasjonen slik han er no rett og slett fordi bygda har ei sinnsjuk plassering. Bygda ligg midt mellom tre fjellovergangar, har eksisterande trafikk og ligg innst i Sognefjorden. Det er noko fleire enn berre eg er interessert i, seier han.

– Naturen i Årdal er noko av det mest attraktive i Noreg, og eg har vore mange plassar. Dessutan er det bra for reiselivet at det er ein allereie etablert økonomi her gjennom industrien, noko som gjer at ein har eit berekraftig økonomisk fundament. Utgangspunktet er langt betre enn for mange andre bygder som har lykkast med reiseliv.

Produktet Årdal i fokus

Men ein kan ikkje drive turisme og reiseliv utan avkastning. Nystedt kjem difor med døme på korleis til dømes kommunen kan tene pengar via parkeringsavgift til attraksjonane. Då er det ikkje berre det han sjølv driv med som er viktig, men korleis kommunen framstår.

– For meg er Årdal som produkt viktig. Det er det som må seljast i mine auge. Utladalen camping er ikkje så spennande i seg sjølv, men de følgjer med på kva eg legg ut på Facebook, så er det alt rundt eg er opptatt av å visa. Viss folk ikkje veit kva som finst her, er det vanskeleg å stoppa her, argumenterer han. 

Samhandling

Han legg vekt på at for å lykkast med dette, må fleire aktørar på bana og samarbeida.

– Det må ein strategi med konkrete tiltak til, samhandling mellom reiselivsaktørar, handel, kommune og innbyggarane generelt. Handel og reiseliv er som hand i hanske. Butikkane har mykje meir å henta ut frå sommarmånadane, og det ein hentar ut her, kan bli eit godt bein å stå på resten av året. Her har me mykje å henta viss me jobbar saman.

Fire favorittattraksjonar

Nystedt listar opp fleire attraksjonar som er mogleg å selja inn hjå besøkande, men meiner ein må fokusere på berre eit fåtal av desse som skal vera berebjelkane. Dei fire favorittane hans er folkevegen fram til Vetti, gamlevegen opp Heirsnosi, Bøttejuvet og Hurrungane med Soleibotntind. 

– Det folk søker meir no enn nokon gong er spektakulære selfies. Dei sit på Preikestolen og dinglar med beina. Soleibotntind er ein enkel tur utan tau, og alle kan ta turen. Den kommersielle delen med å få folk dit er lett. Eg trur det har stort potensiale med den utsikta. Det blir ikkje finare. 

Han understrekar også kor viktig det er å senda folk heim med ei oppleving bak seg. Sjølv bubilar som berre kjem innom campingen for ei natt, blir sendt til Hjelle for å ha sett ein foss, fortel han.

Deler godene

Målet er at dette til sjuande og sist vil skape nye arbeidsplassar og økonomisk vekst.

– Eg trur bestemt at det ligg moglegheiter her. Det er fordi Årdal har ei historie, attraksjonar i nasjonal klasse og fortener nasjonal merksemd. Eg ser ikkje kvifor folk ikkje skal valfarta til Soleibotntind viss det blir kjent. Eg skjønnar ikkje kvifor folk ikkje skal sykla gamle Tyinvegen viss han blir kjent. Eg skjønnar ikkje at folk ikkje vil gå Utladalen om det blir kjent. 

– For meg gjeld det å gjera ting kjent, og utgangspunktet er fantastisk. Me startar ikkje på scratch. Det er 32 000 potensielle kundar som køyrer Tindevegen kvart år. Me har eit grunnlag, men det gjeld å finna konkrete tiltak for å stoppa trafikken. 

– Produktet mitt er ikkje så viktig. Difor er eg så glad for at folk satsar på handel, rockescene og bryggeri. Det vil løfta Årdal og mitt produkt, fordi gjestane mine vil ha meir å gjera. Eg trur at viss me jobbar tett opp mot kvarandre, kan ein gjera Årdal meir attraktivt som produkt og gi berekraft til fleire bedrifter i Årdal.

Til toppen