FOR LITE: Kyrkjeverja meiner kyrkjene i Lærdal har fått så store budsjettkutt at dei knapt klarar å halda tenestene sine gåande. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FOR LITE: Kyrkjeverja meiner kyrkjene i Lærdal har fått så store budsjettkutt at dei knapt klarar å halda tenestene sine gåande. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Meiner det blir løyvd altfor lite til kyrkjene i Lærdal 

Fungerande kyrkjeverje meiner løyvingane til 2018-budsjettet må opp vel ein halv million.

Lærdal: – Det er ikkje det at me ikkje ønskjer innspel. Men dei bør gå via rådmannen, sa ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i formannskapet torsdag.

Formannskapet i Lærdal fekk ei drøftingssak på bordet torsdag etter at fungerande kyrkjeverje Monica Finden sende brev til kommunen der ho forklara ståa frå deira ståstad.

– På grensa til at me klarar det

I brevet viser ho til at løyvingane til kyrkja i Lærdal er redusert frå vel 2,7 millionar til 2,44 millionar:

– Altså 10,29 prosent berre på dette året. I 2017 er budsjettet 660.000 kroner, eller 21,3 prosent under det som var heilt attende til 2010. Dette trass i at løns- og prisvekst for denne perioden truleg har vore på rundt 20  prosent. Det er tøft å ikkje få kompensert for løns- og prisvekst, og i tillegg få så store kutt;  det blir drastisk for drifta av kyrkja. 

Vidare står det i brevet at:

– Med dei kommunale løyvingane som det no ligg an til, så er det på grensa til at me klarar dette, om me i det heilt tatt klarar det. Det er lagt inn minimalt til vedlikehold, noko som kjem til å kome att med store kostnader etter nokre år med lite vedlikehold.

Finden viser vidare til at biskopen i Bjørgvin under sin visitas i mars hadde sagt at han ikkje hadde vore borti kommunar som hadde så store kutt som Lærdal har hatt.

Med tre kyrkjer og tilhøyrande kyrkjegardar i kommunen i tillegg til lovpålagde oppgåver med trusopplæring og andre tenester, ber Finden i sitt brev om følgjande:

– At Lærdal kommune aukar løyvingane til kyrkja i 2018 til tre millionar kroner, altså 100.000 kroner under det som var i 2010. Og sjølv då er det ikkje kompensert for løns- og prisveksten som har vore desse 7 åra. 

– Bør gå tenesteveg

– Innhaldet i dette er noko som bør inn i økonomiplan, sa Solheim i formannskapsmøtet.

Han påpeika vidare at han tok opp saka for å lufta med formannskapet korleis dei skulle handsama slike innspel.

Rådmann Alf Olsen jr. var klar:

– Eg meiner denne berre bør tilbake til administrasjonen. Eg var ikkje klar over at innspelet var gått til politikarane. De skal sjølvsagt få alt, men det bør gå gjennom oss.

Kåre Mentz Lysne (Ap) var samd:

– Elles vil opna for at me får hundre e-postar for dagen. Slike innspel bør gå tenesteveg. Elles blir det nærast umogleg.

Kor vidt kyrkja skal få meir pengar i neste budsjettperiode vil såleis koma oppatt seinare.

Til toppen