– Når det gjeld landbaserte aktivitetar og tilbod ligg det godt til rette for å kunna sy saman interessante opplevingspakkar, seier avtroppande ordførar Jan Geir Solheim.
– Når det gjeld landbaserte aktivitetar og tilbod ligg det godt til rette for å kunna sy saman interessante opplevingspakkar, seier avtroppande ordførar Jan Geir Solheim. (Foto: Arkiv)

Meiner det er nye moglegheiter for cruisetrafikk til Lærdal

Avtroppande ordførar i Lærdal kommune, Jan Geir Solheim fortel at dei har vorte kontakta av reiarlag og agentar med tanke på å kunna ta imot cruiseskip.

Lærdal: Førespurnadane gjeld moglege cruiseanløp allereie neste sommar fortel Jan Geir Solheim til Sogn Avis.

KLARE FOR CRUISE?: Fleire reiselivsaktører har vore i kontakt med Lærdal kommune om mogleg cruiseanløp til neste sommar. Foto: Arkiv

Spørsmålet om cruisetrafikk til Lærdal skal vera aktualisert på ny i samband med eit utviklingsarbeid som er sett i gang saman med Flåm AS om Villaksesenteret.

– Dette er såleis ikkje ei sak som har vorte drøfta politisk med det nye fleirtalet i Lærdal, og kor vidt Lærdal skal ta fram at planane om å bli ei cruisehamn eller ikkje, må bli eit tema for det nye kommunestyret, sa Solheim til avisa.

– Nye moglegheiter

Den avtroppande ordføraren meiner det no ligg betre til rette for å kunne ta i mot cruiseskip i Lærdal, enn for berre nokre år tilbake.

– Me hadde ein diskusjon om dette for litt over to år sidan. Då hadde me ikkje nok infrastruktur på land på plass. No er det nye moglegheiter, seier Solheim til NRK.

Det skal vera naudsynt å gjera nye tiltak på og rundt kaien, men Solheim tykkjer at når det gjeld landbaserte aktivitetar og tilbod ligg det godt til rette for å kunna sy saman interessante opplevingspakkar.

Til toppen