UFORSTÅELEG: At ein framleis utgreier ei mogleg etablering av godshamn i Lærdal er for dagleg leiar i Maritimt Forum Norge, Tord Dale, uforståeleg. Pressefoto: Maritimt Forum
UFORSTÅELEG: At ein framleis utgreier ei mogleg etablering av godshamn i Lærdal er for dagleg leiar i Maritimt Forum Norge, Tord Dale, uforståeleg. Pressefoto: Maritimt Forum

Meiner godshamn i Lærdal er totalt bomskot

Dagleg leiar i Maritimt Forum Norge, Tord Dale, finn det nærast uforståeleg at godshamn kan vera aktuelt å satsa på i Lærdal.

Lærdal: – At ein skal frakta gods frå kontinentet til Noreg via Lærdal fell på si eiga urimelegheit. Kjem eit skip med gods frå ein av dei store internasjonale hamnene, til dømes Rotterdam, fraktar du det ikkje forbi Bergen, inn heile Sognefjorden til Lærdal, berre for å køyra det ut att med vogntog til Bergen, seier Dale.

Han fekk store augo då han les artikkelen med tittelen «Denne bukta kan gjere Lærdal til godsknutepunkt» med eit bilete av Erdal på NRK Sogn og Fjordane i juni.  

Dale meiner det ikkje er marknad for ei stor godshamn i Indre Sogn fordi godstransport sjøvegen til Bergen eller Oslo og vidare frakt med vogntog dekkjer den aktuelle marknaden.

– Lærdal ligg kanskje sentralt geografisk, men ikkje i nærleiken av tettbebygde strok.  Fraktar ein gods til Bergen eller Oslo treff ein største del menneska i Noregs land innan nokre titals mil frå kvar kant. Sognefjorden er ein av verdas lengste fjordarmar, den er like mange nautiske mil lang som distansen Bergen – Trondheim. Det tek mykje tid og pengar å segla inn og ut og er vel historias største omveg.

Tilbaud vederlagsfri rådføring, fekk ikkje respons

Etter å ha lese artikkelen tok han også kontakt per e-post med både ordførar og Lærdal Næringsutvikling – som gjer eit utgreiingsarbeid for å sjå om godshamn kan vera noko å satsa på i Lærdal

– Når ordføraren går ut med slik klokketru på godshamn tenkte eg at nokon måtte ha forleia dei. Her kom det fram synspunkt som ikkje hadde rot i røynda. Kontakten min var i beste meining, og eg tilbaud vederlagsfri rådføring. Men dette fekk eg aldri respons på.

Ein annan ting er at transportørar som fraktar gods inn også vil ha med gods utatt. Dette skjønar heller ikkje Dale korleis skulle kunne gå føre seg i Lærdal

– Transportørar vil vera interesserte i returvolum. Om ein driv med ein eller annan stor produksjon i området kunne det kanskje henga meir på greip. Men ein gjer jo ikkje det heller. Returvolum er eit generelt problem i Noreg ettersom ein importerer mykje og eksporterer lite – det skapar ubalanse.

Maritimt Forum er ei stifting som representerer heile den maritime næringa i Noreg, og Dale er altså dagleg leiar. Han jobba også med nærskipsfartstrategien til den raudgrøne regjeringa.

At Lærdal Næringsutvikling framleis legg ressursar i utgreiingsarbeid rundt godshamn i Lærdal er unødvendig sløsing i følgje Dale.

Les også: Ser på potensiale for både cruise-, tømmer-, og godskai

Han viser til rapporten «Potensiale og virkemidler for overføring av gods fra veg- til sjøtransport» frå Transportøkonomisk Institutt (TØI) som ligg ope på nett og viser korleis varestraumane går

– Ein treng ikkje å bestilla nokon rapport eksplisitt frå TØI for å få svar på dette.

Artikkelen held fram under biletet

HISTORIAS STØRSTE OMVEG: Erdal har vorte peika på som mogleg lokalisering av hamn, om det er for frakt av gods eller tømmer. Tord Dale omtalar Lærdal generelt som «historias største omveg» om det er gods som skal skipast inn. Arkiv
HISTORIAS STØRSTE OMVEG: Erdal har vorte peika på som mogleg lokalisering av hamn, om det er for frakt av gods eller tømmer. Tord Dale omtalar Lærdal generelt som «historias største omveg» om det er gods som skal skipast inn. Arkiv

– Tener ikkje pengar på kai i seg sjølv

At kapasitet er sprengt på godshamner i Noreg er heller ikkje eit argument han kjøper.

– Kapasiteten er ganske enkelt ikkje sprengt når det gjeld gods. I Bergen er det ei kapasitetsutfordring på cruisekai, men her utvidar ein no. Generelt er det ikkje god økonomi i å driva hamn. Dei største hamnene tener gode pengar, men også berre dei.

Eit anna poeng er at hamneeigar tek inn ei avgift for kvart skip som kjem inn og kvart tonn som blir lossa og lessa. Men om eigar til dømes er kommunen, kan ikkje inntektene brukast i kommunal verksemd.

– Inntektene skal nyttast på tiltak eller utvikling av hamna, dette er regulert i hamnelova.

– Er det då ingen god idè med cruise- eller tømmerkai i Lærdal?

– Hamn kan vera ein god ide for tømmertransport og eg vil tru det er svært viktig om ein skal etablera ein pelletsfabrikk med tilhøyrande søppelforbrenningsanlegg. Men då fordi kaien er viktig infrastruktur for å lukkast med anna næringsverksemd – ein tener ikkje pengar på kaien i seg sjølv. Men godshamn er eit bomskot, og det prøvde eg kommunisera gjennom e-postane i juni.

– Godshamn mest utfordrande

UTFORDRANDE: Prosjektleiar Jan Petter Vadheim i Lærdal Næringsutvikling meiner godshamn er det mest utfordrande å få til av typane hamn som LNU no utgreier. Arkiv
UTFORDRANDE: Prosjektleiar Jan Petter Vadheim i Lærdal Næringsutvikling meiner godshamn er det mest utfordrande å få til av typane hamn som LNU no utgreier. Arkiv

Prosjektleiar Jan Petter Vadheim i Lærdal Næringsutvikling (LNU) held tak i utgreiingane rundt hamn i Lærdal. Han strekar under at det LNU skal sjå på er grunnlaget for å etablera ei godshamn for Indre Sogn og Indre Austland og at det aldri har vore snakk om å fungera som hamn for Bergen. Han held fram: 

– Me ser sjølvsagt store utfordringar med å etablera ei godshamn i Lærdal, først må det vera varestraumar som naturleg kunne ha vore transportert inn og ut Sognefjorden, deretter må ein snu etablerte innarbeida varestraumar, og deretter må ein sjå om dette kan vere eit lønsamt prosjekt.  Av dei typane kai me skal sjå på så er det etter mi vurdering godshamn som er mest utfordrande å få til. 

– Kvifor har de bestilt ein rapport frå Transportøkonomisk Institutt eksplisitt når det ligg ein open rapport på nettet frå same institutt som syner varestraumane?

– Me har bede om ei analyse der dei plottar inn ny hamn i Lærdal i ein modell og samanliknar dette med slik situasjonen er i dag.  Kven vil då velja Lærdal som hamn? er spørsmålet.

– Kvifor tok de ikkje mot tilbodet frå Dale om vederlagsfri rådføring?

– Me meiner at Transportøkonomisk Institutt er eit nøytralt og fagleg dyktig institutt som kan gje oss eit godt grunnlag for våre vidare vurderingar.

Til toppen