SKUFFA: Anne Helene Bergmål er skuffa over at grunneigarane ikkje vart involverte før i saka om ei eventuell kaietablering i Bermålsviki. Her under informasjonsmøtet om pelletsfabrikken på Håbakken denne veka. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SKUFFA: Anne Helene Bergmål er skuffa over at grunneigarane ikkje vart involverte før i saka om ei eventuell kaietablering i Bermålsviki. Her under informasjonsmøtet om pelletsfabrikken på Håbakken denne veka. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Meiner grunneigarane blir altfor seint involverte

Anne Helene Bergmål eig deler av arealet det kan bli aktuelt å etablera tømmerkai på. Ho reagerer sterkt på at grunneigarane ikkje blir involverte før heilt på tampen av sakshandsaminga

Lærdal: – Eg sa kva eg tykte om at me ikkje fekk vita noko før. At me ikkje får høyra og lesa noko før no når sakene er klare, seier Bergmål etter å ha vore i møte med Lærdal kommune.

BERMÅLSVIKI: Det er denne vika administrasjonen i Lærdal kommune meiner er best eigna for å etablera tømmerkai. Privat foto
BERMÅLSVIKI: Det er denne vika administrasjonen i Lærdal kommune meiner er best eigna for å etablera tømmerkai. Privat foto

Som porten.no har omtalt er det frå administrasjonen i Lærdal kommune si side utarbeidd ei utgreiing som konkluderer med at dersom det skal etablerast kai i Lærdal, er det ei tømmerkai i området rundt eller innanfor Bermålsviki som er mest aktuelt.

Les også: Her kan det koma tømmerkai

Bergmål vart informert om dette frå kommunen si side måndag denne veka og onsdag omtalte altså Porten.no kva utgreiinga konkluderer med ettersom den då var lagt inn i sakene til formannskapet og kommunestyret komande veke.

– Eg har teke ein runde med eit par andre kommunar, og dei har sagt det første dei gjer i slike saker er å involvera grunneigarane. Kommunen har også hatt synfaring her ute utan å involvera oss grunneigarar – det er eg klart å spora opp, seier Bergmål.

– Skuffa og lei meg

Det er ikkje første gong Lærdal kommune blir skulda for å involera grunneigarane eller naboane for seint; i samband med både ei eventuell hamneetablering i Erdal og den planlagde pelletsfabrikken på Håbakken har grunneigarar reagert.

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Les også: - At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

– Eg har snakka med ordføraren no nyss og uttrykt at eg er skuffa og lei meg.

Bergmål og sju andre med grunneigarinteresser i Bermål var også i møte med kommunen torsdag etter invitasjon

– Me møtte ein heil bataljon frå grunneigarsida – frå kommunen si side var rådmann og sakshandsamar til stades, noko som var veldig greitt. Me snakka på eit sakleg nivå og eg sa kva eg tykte om sakshandsaminga. Rådmannen beklaga at me var seint involverte.

Ho meiner dessutan området har eigenskapar som gjer at politikarane burde vera skeptiske til å gå for ei kaietablering her. 

– Sakshandsaminga er ein ting, det andre er at ein angrip det einaste strandområdet som er att og som blir brukt til tur og rekreasjon i Lærdal. Det går ein natursti frå meg til hyttene på Luggenes. Mange går på tur her og det er fint å bada, seier Bergmål.

Spent på om alle synspunkt og all informasjon blir lagt fram for politikarane

UTRADERTE: Anne Helene Bergmål eig grunnen i området rundt hyttene i Bermålsviki: – Hytteeigarane blir utraderte, seier ho. Privat foto
UTRADERTE: Anne Helene Bergmål eig grunnen i området rundt hyttene i Bermålsviki: – Hytteeigarane blir utraderte, seier ho. Privat foto

Saka skal opp i formannskapet komande måndag, 27. mars, og deretter i kommunestyret torsdag 30. mars.

– Dei seier ikkje noko om storleik på arealet som krevst, men store deler av min eigedom vil bli vekke og få redusert verdi – dersom eg vil selja ei gong.

– Var eventuell erstatning eit tema under møtet?

– Nei, det er ikkje omtala enno. Og dette handlar ikkje berre om meg; hytteeigarane blir utraderte og folk som går eller kan gå tur der mistar den moglegheita. Politikarane må i alle fall ikkje gjera eit vedtak om kaietablering utan å ha sett skikkeleg på området.

No fortel ho kjem til å følgja den politiske debatten om saka nøye:

– Eg er svært spent på om alle synspunkta våre og informasjonen me kom med blir lagt fram for politikarane.

Rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal forklarar grunnen til at grunneigarane vart seint involverte i denne saka slik:

– No er me veldig tidleg i ein sorteringsfase, det må seiast. Så er det slik at det vart gjort eit vedtak i kommunestyret som gav ei bestilling med veldig kort varsel og leveringstid. Me måtte jobba mest mogleg effektivt innanfor dei tidsrammene me hadde, og då fekk me ikkje informert grunneigarane slik me ideelt sett ønskja. Me har også slite med å få kontakt med dei på telefon, men fekk kalla inn til dette møtet – som eg oppfatta var eit godt møte.

Til toppen