DYSTER BODSKAP: Veterinær Bjørnar Ytrehus i NINA med dyrehelse i ville populasjonar som spesialfelt kom med ein dyster bodskap til tilhøyrarane under informasjonsmøtet tysdag kveld. Foto: Ole Ramshus Sælthun/Harald Skjerdal.
DYSTER BODSKAP: Veterinær Bjørnar Ytrehus i NINA med dyrehelse i ville populasjonar som spesialfelt kom med ein dyster bodskap til tilhøyrarane under informasjonsmøtet tysdag kveld. Foto: Ole Ramshus Sælthun/Harald Skjerdal.

Meiner heile villreinsstamma i Nordfjella bør sanerast

Veterinær Bjørnar Ytrehus i Norsk institutt for naturforsking kom med ein dyster bodskap til jegerane som jaktar rein i Nordfjella under informasjonsmøtet om skrantesjuka onsdag kveld.

Lærdal/Aurland: – Å sanera bestanden for så å reetablera den meiner eg er det beste tiltaket utifrå eit fagleg synspunkt, sa Ytrehus.

Han er veterinær med doktorgrad i patologi og har dyrehelse i ville populasjonar som spesialfelt. På informasjonsmøtet om skrantesjuka, også kalla CWD, representerte han Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Kulturhuset i Lærdal var tilnærma fullt, og dei frammøtte - i all hovudsak jegerar frå Lærdal og Aurland - fekk dryge tre timar med informasjon om skrantesjuka som er påvist på tre villreinar i Nordfjella villreinområde.

Artikkelen held fram under biletet

FULLT: Kulturhuset i Lærdal var nesten fullt under informasjonsmøtet om skrantesjuka.
FULLT: Kulturhuset i Lærdal var nesten fullt under informasjonsmøtet om skrantesjuka.

– Sjukdommen i roleg fase før den aukar

Det vart både informert om kva denne sjukdommen eigentleg er, kva forsking ein har å støtta seg på, korleis sjukdommen vart oppdaga i fjor vår, korleis arbeidet med å kartlegga sjukdommen har gått føre seg, kva funn som er gjort her - og det store spørsmålet: vegen vidare.

I følgje Ytrehus kan ein ikkje rekna med noko anna enn at det vil gå berre ein veg om ikkje store tiltak blir sett inn.  

– Førekomsten av sjukdommen vil auka. Det er ikkje haldepunkt for å tru at den vil stabilisera seg på låg førekomst. Før eller seinare blir førekomsten så stor at ikkje stammen ikkje vil vera jaktbar. Og før eller seinare vil etter alt å døma dødelegheiten bli større enn tilveksten. 

Ytrehus forklara at ein truleg er i ein tidleg fase av sjukdomsutbrotet i Nordfjella ettersom førekomsten er låg - på under ein prosent etter resultata av prøvetakinga under jakta i haust å døma.

– Det er ein roleg fase til å byrja med. Så aukar sjukdommen i omfang.

Tidobling i førekomst på ti år

Han eksemplifiserte dette med tal frå den Canadiske provinsen Alberta der det er CWD på hjort, hovudsakleg mulhjort. Tala han synte fram var dramatiske; for ti år sidan låg førekomsten på berre nokre promille - av rundt 5000 testa individ årleg var frå i underkant av ti til opp mot tjue individ infiserte i fleire år.

Så byrja det å eskalera rundt 2010, og i 2015 var over hundre individ infiserte med det same testgrunnlaget; rundt 5000 individ. Ei tidobling i førekomst på ti år, med andre ord. 

– Det ser ut til å vera «klassisk» CWD på reinen i Nordfjella. Altså er det lite haldepunkt for å seia at den har oppstått spontant - ein må gå ut frå at den smittar mellom individ. 

Dette vart forklara av Sylvie Benestad, seniorforskar ved Veterinærinstituttet. Ho synte framstillingar av dei patologiske funna som var gjort på dei infiserte villreinane i Nordfjella kontra på dei to elgane som vart funne i Selbu i Sør-Trøndelag. Medan dei patologiske funna på Nordfjellareinen fulgde eit klassisk mønster, var funna på elgane i Trøndelag heilt annleis.

– Ein har aldri sett liknande i USA. Kan det såleis vera snakk om ein heilt ny type prionssjukdom i Noreg som vart påvist på dei to elgane? sa Benestad.

– Det er no ein kan gjera noko for å utrydda sjukdommen

Det vart ikkje funne fleire infiserte individ i Trøndelag under jakta - trass eit stort testmateriale - medan det altså vart funne to infiserte reinar i Nordfjella. Noko som kan tyda på at sjukdommen har oppstått spontant på elgane, medan den er smittsam på villreinen i Nordfjella.

Som alle innleiarane i møtet tysdag var inne på; ein veit ikkje dette sikkert - i det heile veit ein veldig lite sikkert. Men smittsam CWD er svært dårleg nytt for villreinstamma i Nordfjella.

– Viss me er der me trur me er, altså tidleg i sjukdomsutbrotet, er me i ein proaktiv fase. Og det er der det går an å gjera noko for å prøva å utrydda sjukdommen. Seinare blir det heller snakk om skadeavgrensande tiltak, sa veterinær Ytrehus.

Som jo er godt nytt; berre at det einaste ein kan gjera for å kanskje bli kvitt sjukdommen og unngå at den spreier seg til andre typar hjortevilt - eller andre reinsstammar - i dag ser ut til å vera å sanera villreinsstamma i Nordfjella.

Artikkelen held fram under biletet

DRASTISK: Her er gangen i tiltaket Bjørnar Ytrehus vil vera det fagleg beste; å først redusera villreinstamma ved intensiv jakt i ein viss periode, så sanera ned heile stamma, deretter lata området liggja brakk i ein del år, for så å reetablera stamma. Som ein ser av plansjen meiner han også det bør vurderast å redusera tilgrensande hjortestammar.
DRASTISK: Her er gangen i tiltaket Bjørnar Ytrehus vil vera det fagleg beste; å først redusera villreinstamma ved intensiv jakt i ein viss periode, så sanera ned heile stamma, deretter lata området liggja brakk i ein del år, for så å reetablera stamma. Som ein ser av plansjen meiner han også det bør vurderast å redusera tilgrensande hjortestammar.

– Kan ikkje etterlata eit reinsfjell som ikkje er jaktbart til etterkommarane våre

Julie E. Grimstad, seniorrådgjevar i Mattilsynet, forklara at resultatet dersom ein ikkje gjer tiltak, i ytste konsekvens vil kunne vera ein ikkje jaktbar hjorteviltbestand i heile landet og ei truga villreinstamme.

Vidare at det frå eit dyrevelferdperspektiv er betenkeleg å la ein bestand bli sjukare og sjukare, og at ein har eit ansvar i høve resten av Europa når det gjeld blant anna smittespreiing.

IKKJE SIKKERT: Julie E. Grimstad, seniorrådgjevar i Mattilsynet, understreka at det på langt nær er bestemt at stamma i Nordfjella vil bli sanert.
IKKJE SIKKERT: Julie E. Grimstad, seniorrådgjevar i Mattilsynet, understreka at det på langt nær er bestemt at stamma i Nordfjella vil bli sanert.

– Anbefalingane frå Nord-Amerika er å unngå store ansamlingar av individ i områder med CWD og at ein handlar raskt og radikalt. Samstundes må eg seia som forvaltar at sjølv om sanering av stamma framstår som det fagleg mest riktige, er det ikkje sikkert det blir slik. Det er mange spørsmål og mange atterhald. Spørsmål om korleis ein praktisk skal kunne gjennomføra det og spørsmål om økonomi, mellom anna.

Olav Strand, villreingranskar i NINA, sa det slik:

– Nord-Amerikanske tilstandar er ikkje akseptabelt. Me kan ikkje etterlata eit reinsfjell som ikkje er jaktbart til etterkommarane våre.

 

Til toppen