FORVERRE RESPONSTIDA: Jenny Klinge (Sp) trur den planlagde politireforma vil forverre responstida til politiet. Spesielt små tettstadar med storinnrykk av turistar og mange fritidsbustadar vil bli lidande.​ Foto: Jan Christian Jerving. 
FORVERRE RESPONSTIDA: Jenny Klinge (Sp) trur den planlagde politireforma vil forverre responstida til politiet. Spesielt små tettstadar med storinnrykk av turistar og mange fritidsbustadar vil bli lidande.​ Foto: Jan Christian Jerving. 

Meiner hytte- og turistområda vil lide etter politireforma

Jenny Klinge (Sp) trur den planlagde politireforma vil forverre responstida til politiet. Spesielt små tettstadar med storinnrykk av turistar og mange fritidsbustadar vil bli lidande.

Sogn: – Det er forståeleg at responstida blir litt differensiert etter folketal, men eg trur vi vil oppleve, etter politireforma, at dei største brota på responstid kjem til å skje i distrikta der krava allereie er dårlegast, seier Jenny Klinge til Nynorsk pressekontor.

Politikaren har i eit skriftleg spørsmål til justis- og beredskapsminister Anders Anundsen, spurt om responstidkrava til politiet i område som får sesongvis mangedobla folketal. Klinge ser responstida i samanheng med den nye politistrukturen, der lensmannskontor er tenkt nedlagde.

– Etter logikken som ligg bak det differensierte responskravet, må behovet for rask responstid vere like stort i dei områda som tek imot mange hytteturistar i høgsesong, som i dei områda som har tilsvarande høgt innbyggjartal til vanleg, skriv Senterparti-politikaren.

I dag baserer Politidirektoratet seg på definisjonane til SSB av tettstadar. Krava til responstid varierer for tettstadar med meir enn 20.000 innbyggjarar, med mellom 19.999 og 2.000 innbyggjarar, og tettstadar under 2.000 innbyggjarar.

Anundsen viser til fleksibilitet

I svaret til Klinge viser justisminister Anders Anundsen (Frp) til at Politidirektoratet skal følgje opp problematikken med sesongvariasjon i folketal.

– Utfordringa blir løyst gjennom god tenesteplanlegging og flåtestyring av patruljar i politidistrikta, skriv Anundsen.

Han meiner større politidistrikt og ny lokal struktur vil føre til større fleksibilitet i tenesteplanlegginga.

– Tenesta kan då bli planlagt med bakgrunn i ei større mannskapsmengd. Dette kan bidra til å styre polititenesta meir effektivt, meiner justisministeren.

– Ikkje godt nok

Klinge, som sit i Justiskomiteen for Senterpartiet, rynkar på nasen over svaret frå Anundsen.

– Det statsråden prøvar å få fram, er at det skal bli betre etter nedlegging av ei rekkje lensmannskontor. Argumentet hans er at det blir fleire patruljar som køyrer rundt, men patruljane kjem likevel til å opphalde seg i områda med mest folk, og då blir responstida naturleg nok lenger, meiner Klinge.

Ho trur at nedlegginga av lensmannskontor vil få politifolk til å busetje seg mindre spreidd. Klinge meiner sesongvariasjon bør vere eit argument for å halde på lensmannskontor.

– Eg synest ikkje svaret frå Anundsen er godt nok. Vi ser det fleire stadar, vi kan ta Geiranger i Møre og Romsdal som eksempel. Der bur det nokre få hundre sjeler om vinteren, men det eksploderer på sommarsesongen. Der har dei ropt varsku, det har vore problem tidlegare, og slike stadar må ein ta på større alvor. Dette handlar om prioritering i distrikta og om kvar lensmannskontora endar opp. Eg fryktar at verken statsråden eller Politidirektoratet kjem til å ta den problematikken på alvor, seier Klinge.

Hytteforbundet rosar innspelet

I Norges Hytteforbund (NHF), som arbeider for hytte- og fritidsbustadeigarar i Noreg, jublar dei over spørsmålet som Klinge har tatt opp.

– Dette er veldig aktuelt for mange med fritidsbustad eller hytte. Vi registrerer med uro at politireforma fort blir sentralistisk, seier finanspolitisk ansvarleg i NHF Mathias B. Dannevig.

Dannevig brukar Sørlandskysten som eksempel, der skjergarden fort blir «overbefolka».

– Politinærværet i det området er ein vits, det er ikkje-eksisterande. Det er kanskje litt i Oslofjorden, men med problem som til dømes vass-scooterar har vi etterlyst meir aktivitet frå politiet og ei meir aktiv haldning frå regjeringa.

NHF vil ikkje ha ei politiovervaka samfunn, men trur responstida til politiet kan bli vanskeleg å følgje i ein del område der folketalet varierer med sesongen.

– I Kragerø tek politiet konsekvensen av folketalsauken om sommaren, men på stadar med stor, men ikkje så vanvitig auke, er eg redd for at den allereie låge politibemanninga held fram med å vere låg, medan folketalet vil stige, seier Dannevig.

Klinge i Senterpartiet meiner ein må jobbe målretta for å ta tak i problemet.

– Om vi no likevel mistar lensmannskontor så må der vere ein målretta plan for korleis polititenesta blir lagt opp i slike område. Ein må sikre både beredskap og nærvær, spesielt i sesongen med stor folketalsauke, seier Klinge. (©NPK)

Til toppen