REAGERER: Åge Årdal (innfelt) reagerer på korleis økonomien er handsama i samband med prosjektet der nye turskilt har vorte og framleis blir sett opp rundt om i Lærdal. Foto: Arkiv / Ole Ramshus Sælthun 
REAGERER: Åge Årdal (innfelt) reagerer på korleis økonomien er handsama i samband med prosjektet der nye turskilt har vorte og framleis blir sett opp rundt om i Lærdal. Foto: Arkiv / Ole Ramshus Sælthun  (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Meiner kommunen tildelte turlaget pengar som alt var oppbrukte

Innbyggjar i Lærdal, Åge Årdal, stussar over at turlaget i 2015 fekk 210 353 kroner som restbeløp etter eit turskiltprosjekt. Fordi han meiner nesten alle pengane vart brukte i prosjektet.

Lærdal: – Utbetalinga til turlaget er ureglementert og ber preg av sviktande internkontroll i høve til økonomireglementet, skriv Årdal i ein e-post til Porten.no.

Turskiltprosjektet i Lærdal starta opp i 2011 – eit nasjonalt prosjekt for merking og skilting av turvegar. Prosjektet fekk 210 323 kroner i stønad frå Gjensidigestiftinga, fylkeskommunen og Aurland og Lærdal Reiseliv. Eit krav for stønaden var minst 50 prosent eigafinansiering og dugnad.

– Tilskotet skulle berre gå til innkjøp og  produksjon av skilt, infotavler, merking samt informasjon knyt til tavlene, opplyser Årdal, som var leiar i Lærdal Turlag fram til årsskiftet 2013/2014. 

Det var i berekraftig reiseliv-piloten at prosjektet var organisert. I sluttrekneskapen for berekraftpiloten i 2014 står ikkje turskiltprosjektet som eigen post på utgiftssida, men Årdal fortel han har fått opplyst frå kommunen at kostnadar knytt til jobben som vart gjort i prosjektet ligg under posten «Kjøp av tenester». Denne posten er på 201 026 kroner.  

På inntektssida viser Årdal til at beløpet 210 323 kroner er ført som inntekt i berekraftprosjektet sin sluttrapport i 2014, og som kommunestyret såleis har godkjent er ein del av berekraftprosjektet.

– Så, i oktober 2015, ti månader etter avslutta arbeid, og avslutta og godkjent rekneskap overfører Lærdal kommune kr. 210.323,- frå Fond 25150054 til Lærdal Turlag med grunngjeving av at det er restbeløp og skuldast at det ikkje er teke ut så mykje løn som budsjettert, mykje av arbeidet er gjort på dugnad, samt at det er teke omsyn til utgifter som ikkje er brukt i prosjektet, skriv Årdal.

Han meiner altså at desse pengane då alt var brukte i prosjektet, og viser vidare til at sluttrapporten frå prosjekteigar berekraftpiloten til fylkeskommunen i samband med med dei tildelte midlane, var underteikna av – i tillegg til prosjektleiar Helene Maristuen – Trond Øyen Einemo. Her blir det rapportert om tiltak som er gjort i prosjektet og faktisk kostnad, drygt ein halv million kroner.  

Skal opp i kommunestyret på nytt

Dei 210.323 kronene vart overført Lærdal Turlag i 2015 for at laget skulle fullføra merkeprosjektet. Årdal uttrykkjer undring rundt at denne summen tilsvarar tilskota som vart gitt til prosjektet. 

Til kommunestyremøtet i Lærdal torsdag står saka «Berekraftprosjektet - overføring av midlar til Lærdal turlag» på saklista. I samandraget i sakspapira står følgjande om dei 210 323 kronene: «Desse midlane vart overført til Lærdal Turlag 23.10 2015 som skal fullføre merking av turstiar innanfor dei føringar som ligg i prosjektet.»

Rådmannen si tilråding er at: «Kommunetyre overfører kr 210.323 til Lærdal turlag for sluttføring av prosjekt «merking av turstiar i Lærdal». Kommunestyret legg til grunn at dette vert gjort i samsvar med dei føringar som ligg i prosjektet.»

– Om ein ser av datoane kjem denne handsaminga i kommunestyret eitt og halvt år etter beløpet blei betalt til Lærdal Turlag, påpeiker Årdal.

– Handtert innan våre prosedyrar

Trond Øyen Einemo tok over som  leiar i Lærdal Turlag etter Åge Årdal. Øyen Einemo meiner han ikkje er den rette til å svara på påstandane om ureglementerte utbetalingar.

– Det må de nesten spørja dei som har stått for revisjonen og godkjent overføringa frå kommunen si side om. For øvrig får påstandane frå Årdal stå for hans eiga rekning.

Rådmann Alf Olsen jr. kjenner ikkje samanhengen mellom tala i sluttrekneskapen til berekraftprosjektet og summen som vart overført turlaget i detalj, men seier kommunen har følgd normale prosedyrar i saka.

– Det er snakk om ei reell overføring frå Lærdal kommune til Lærdal Turlag. Dei midlane me snakkar om var ikkje ein del av berekraftprosjektet, men vart søkt om gjennom prosjektet fordi kommunen ikkje kunne stå som som søkjar. Så var det noko som ikkje vart brukt opp, og desse vart ein einige om å overføra turlaget. Økonomien her er revidert og handtert på dei måtane dei skal innan våre prosedyrar.

Olsen fortel at grunnen til at kommunestyret tek saka opp på ny, halvanna år etter at pengane vart overførte, er ein formaliafeil.

– Dette har kome fram gjennom momenta Årdal har teke opp. Frå kommunen si side vart det gjort feil på det viset at vedtaket då ikkje gjorde klart at turlaget skal vera mottakar av prosjektet og midlane. Difor kjem saka oppatt no. Kontrollutvalet er også inne her og har påpeika dette.

Til toppen