VEKK: Helene Skår, likestilling og inkluderingsansvarleg i AUF i Sogn og Fjordane, meiner kontantstøtta må vekk. Pressefoto
VEKK: Helene Skår, likestilling og inkluderingsansvarleg i AUF i Sogn og Fjordane, meiner kontantstøtta må vekk. Pressefoto (Foto: Arbeidarpartiet)

Meiner kontantstøtta må vekk

​Helene Skår i AUF i Sogn og Fjordane meiner Høgre/Frp-regjeringa, med støtte frå KrF og Venstre, har teke likestillingspolitikken mange skritt tilbake i løpet av dei siste fire åra. 

– Noreg fortener ei regjering som framleis tek likestillingskampen på alvor. Vi trenger ei regjering som set i verk tiltak som heller fremjar integreringa framfor å hemme ho og som heller løfter kvinner fram framfor å halde dei tilbake, seier Helene Skår, likestilling og inkluderingsansvarleg i AUF i Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Skår reagerer spesielt kraftig på at Høgre/Frp-regjeringa har valt å verne, og attpåtil auke, kontantstøtta i løpet av dei fire siste åra.

– Noreg vart ikkje eit rikt land på grunn av olja. Vi vart eit rikt land fordi vi betre enn noko anna land til å legge til rette for at kvinner skulle kunne delta i arbeidslivet. Når Høgre/Frp-regjeringa, med støtte frå Venstre og KrF, vel å betale arbeidsføre kvinner for å halde seg heime, viser dei at dei har null forståing for kva som gjer Noreg til Noreg. 

– Det er hårreisande og tilhøyrar politikk frå fortida. I tillegg hindrar den god integrering fordi vi veit at det først og fremst er innvandrarkvinner som vel å vere heime, seier Skår.

Skår peikar på at Noreg ville tapt verdiar tilsvarande heile den norske oljeformuen dersom vi hadde hatt like låg yrkesdeltaking blant kvinner som gjennomsnittet av OECD-landa.

– Vi vil heller satse på barnehagane. På den måten sørgjer vi for at fleire kjem i arbeid, og vi sørgjer at for fleire born av innvandrarar får bli ein del av fellesskapet. Noreg fortener betre enn ein Høgre/Frp-regjering som fører ein politikk frå førre århundre.

Til toppen