KONSEKVENSUTGREIING: Annik Vanberg, SV, og Kåre Mentz Lysne, Ap (nr. 2 f.h.) meinte ei formulering om konsekvensutgreiing bør inn i vedtaket som omregulerte Håbakken 2 til industri sist kommunestyremøte. Rådmann Alf Olsen jr. t.h., Trond Øyen Einemo t.v. Foto: Ole Ramshus Sælthun
KONSEKVENSUTGREIING: Annik Vanberg, SV, og Kåre Mentz Lysne, Ap (nr. 2 f.h.) meinte ei formulering om konsekvensutgreiing bør inn i vedtaket som omregulerte Håbakken 2 til industri sist kommunestyremøte. Rådmann Alf Olsen jr. t.h., Trond Øyen Einemo t.v. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Meiner krav om konsekvensutgreiing bør inn i Håbakken-vedtaket

Tre har klaga på vedtaket om å regulera Håbakken 2 til industri. Formannskapet går inn for ikkje å endra på vedtaket kommunestyret gjorde sist, men at klagene blir sende til Fylkesmannen.

Lærdal: – Konsekvensutgreiing er tema i klagene. Eg var på infomøtet Simas heldt førre onsdag, og då sa dagleg leiar Hallvard Thomassen at ein ikkje var pliktig å gjennomføra konsekvensutgreiing når produksjonen skulle vera 15 000 tonn pellets årleg fordi ein kjem under grensa. Men slik eg har skjønt det skal set vera ei konsekvensutgreiing når det er snakk om ein detaljreguleringsplan, sa Kåre Mentz Lysne (Ap) i formannskapsmøtet.

– Det stemmer, det ligg ei konsekvensutgreiing i ein detaljreguleringsplan, svara rådmann Alf Olsen jr.

Saka gjaldt altså vedtaket kommunestyret i Lærdal gjorde i starten av februar om å omregulera Håbakken 2, det nordvestre arealet på Håbakken, til næring eller  industri.

Les også: No kan det bli industri i Håbakken

Peikte på rekkjefølgjekrav og manglande vurdering av fisketilhøve

Dette vedtaket har pådrege seg tre klagar:

  • Frå Advokatfirmaet Harris på vegne av Aud og Astrid Sjøvold, grunneigar på området:

«Klagar viser til at det kjem fram av planomtala og sakspapir at områdereguleringa tilrettelegger reguleringsmessig for eitt bestemt og kontkret industrietablering som er planlagd av Simas Næring AS. Dei meinar at når områdereguleringa tilrettelegger for eit konkret industritiltak som er under prosjektering, so skal tiltaket som ein del av planprosessen konsekvensutgreiiast. Det vert vist til krav om konsekvensutgreiing i lovverk og forskrift.

Dei skriv vidare at områdereguleringa medfører vesentleg endring av kommuneplan ved at området regulerast til industri i staden for næring, samt at det ligg føre ein vesentleg endring som følgje av endring av rekkefølgjekravet», står det om denne klagen i saksutgreiinga formannskapet hadde føre 

  • Frå Dalan advokatfirma på vegne av Rolf Bjørum og Frode Myrmel, naboar til området: 

«Dei skriv at Håbakken II låg utanfor kommunedelplan når saka vart lagt ut for konsekvensutgreiing. Det var først seinare når planområdet vart utvida til å omfatte N og N1 at området vart teke med. Områda vart ikkje konekvensutgreidd. Det var ikkje føreteke ei vurdering i høve fiske og naturmiljø», står det oppsummert om deira klage i saksutgreiinga

  • Frå Lærdal elveeigarlag:

«Dei skriv at når kommunestyret no er kjent med at bakgrunnen for det nye området er at det ligg føre konkrete planar om etablering av eit bosbrenningsanlegg med tilhøyrande pelletsfabrikk, skal det konsekvensutgreiiast kva følgjer tiltaket kan får for omgjevnadane.

Dei meinar det ligg føre feil handsaming ved at det ikkje er gjort konsekvensutgreiing. Dei krev at konsekvensar for vassdrag, vassforskrifta, laksefiske og natur vert utgreidd før vedtak vert fatta», står det om denne klagen.

– Ikkje kome fram nye moment

Når rådmannen si tilråding til formannskapet var å ikkje ta klagene til følgje, var hovudgrunngjevnaden at:

«Det har ikkje kome fram nye moment i saka gjennom klagene. Dei forholda som klagarane viser til og som er relevant for områdereguleringa har vore kjent ved vedtak av plan.

I planarbeidet er det ikkje teke stilling til konkrete prosjekt/tiltak som kan vera aktuelle på området. Planen tek derimot høgde for at det kan vera fleire ulike prosjekt som kan vera aktuelle for etablering på arealet.»

– Viktig å signalisera konsekvensutgreiing

Kåre Mentz Lysne meinte at ein kanskje burde gjera ei endring i vedtaket frå sist kommunestyremøte som gjekk på å presisera at ein detaljreguleringsplan frå tiltakshavar skal innehalda ei konsekvensutgreiing.

– Men dette er vel ikkje foraet for å gjera ei slik endring, sa han

– Nei, det er kommunestyret som i så fall må endra sitt eige vedtak, presiserte rådmann Olsen. 

Annike Vanberg (SV) var inne på det same:

– Me har vel ei felles forståing av at det trengst ei konsekvensutgreiing i neste runde. Vårt framlegg om å utsetja omreguleringa fall sist gong, det same skjer vel no. Men for oss er det viktig å signalisera at det skal koma ei konsekvensutgreiing

Rådmannen si tilråding var altså at klagane ikkje vart tekne til følgje, og at saka vert oversendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Dette vart samrøystes vedteke i formannskapet.

Saka skal også handsamast i kommunestyret torsdag.

Til toppen