ATTRAKSJONAR: Trond Amland, partner i «2469 reiseutvikling» har laga ein analyse som peikar på at det først og fremst står på tilrettelegging og opparbeiding av attraksjonar for å gjera Lærdal til ein cruisedestinasjon. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
ATTRAKSJONAR: Trond Amland, partner i «2469 reiseutvikling» har laga ein analyse som peikar på at det først og fremst står på tilrettelegging og opparbeiding av attraksjonar for å gjera Lærdal til ein cruisedestinasjon. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Meiner Lærdal har langt att til å bli cruisedestinasjon

Hovudgrunnen er for få attraksjonar som kan skapa lokal verdiskaping.

Lærdal: – Tilbodet i Lærdal er i dag avgrensa på attraksjonssida. Villakssenteret peikar seg ut, men det treng oppussing. Borgund stavkyrkje peikar seg ut, men den er tungt belasta kapasitetsmessig.

Det sa Trond Amland, partner i 2469 reiseutvikling då han heldt ei orientering om Lærdal som cruisedestinasjon for kommunestyret torsdag. 

Cruiseturismen er venta å veksa kraftig i Noreg framover; 3-4 prosent i åra framover, rundt 2 prosent frå 2028, ifølgje Transportøkonomisk Institutt. Det tyder 1,5 millionar cruiseturistar til Noreg årleg når ein kjem til 2045, 2 millionar når ein kjem til 2060. Og ein vil dobla cruisetrafikken til landet på rundt 30 år – frå dagens halve million.

– Kaia i dag er på ingen måte klar for cruiseskip

Men om nokre av desse skal koma til Lærdal, må mykje gjerast, forklara Amland.

– Ein må ha både gode hamnefasilitetar og mange og gode attraksjonar. 

Det går både an å ha ein sokalla seawalk, og det går an med oppankring ute i fjorden og skyss til land i småbåtar. Men ei peramanent kai eller hamn er å føretrekkja, var Amland klar på. 

– Cruiseskipa ønskjer fast kai. 150 meter lang kai held; då får ein med inngangane på skipet. Eksisterande kai i Habben er 120 meter lang og det er 12 meter djupn her.

Anslaget Amland synte var at ei tilstrekkjeleg oppgradering av «Habben» ville kosta om lag 14 millionar kroner. Om ein går for seawalk-løysinga det tidlegare har vore tale om, kostar denne 40 millionar kroner

– Kaia i dag er på ingen måte klar for cruiseskip, men det er fullt mogleg å gjera den klar.

Les også: Cruise i Lærdal: – Spennande, men fort at alle seier «halleluja»

– Må først og fremst opparbeida etablerte attraksjonar

Likevel er ikkje det den største utfordringa for Lærdal når det gjeld å bli cruisedestinasjon, meinte Amland. Først og fremst går det altså på infrastruktur og attraksjonar:

– Det må investerast betydeleg for å byggja opp fasilitetar som handterer cruiseturisme. Cruiseturisme er volumturisme. Og Lærdal er eit ukjend namn på cruisekartet – sjølv om det var cruiseskip her på 60-70 talet. Ein må byggja opp eit merkenamn.

Vurderinga Amland og «2469 reiseutvikling» gjorde, var at Lærdal skårar dårleg på kriteriar for å ha ei kjent hamn, på hamna sin infrastruktur og logistikk og økonomiomsyn tilknytt hamna – noko som ikkje er så rart ettersom hamna har ligge der utan at det er gjort noko med den på fleire tiår.

Når det gjeld kriteria «unike attraksjonstilbod», «tilbod av utfluktsmoglegheiter» og «miljø og tryggleik» skårar Lærdal middels godt

– Cruiseturistane vil fort dra ut av bygda til andre stader dersom det ikkje er samsvar mellom kor mengda turistar attraksjonane taklar, og kor mange som faktisk kjem, sa Amland.

Når det gjeld kriteriet «moglegheiter for framtidig vekst» skårar Lærdal «Godt», først og fremst fordi cruiseturisme er venta å veksa kraftig i Noreg, Lærdal ligg midt i eit svært attraktivt område, og det trengst avlasting hjå dei næraste cruisedestinasjonane.

– Det første ein må gjera er å opparbeida etablerte attraksjonar slik at dei framstår som interessante, og å utvikla heil- og halvdagsutflukter, sa Amland.

Grøttebø meinte noko vesentleg var utegløymt

Den totale vurderinga, eller dommen, frå «2469 reiseutvikling» var:

«Om attraksjonskraften ikkje blir styrkja betydeleg, bør ikkje Lærdal satsa tungt i cruisemarknaden. Konkurransen er imidlertid sterk og det må utviklast opplevingar som markant skil Lærdal frå andre cruisehamner – til dømes Flåm.»

Kristen Olav Grøttebø, representant frå Ap i kommunestyret, tykte Amland hadde gløymt noko vesentleg: 

Artikkelen held fram under biletet

– LITT SKUFFA: Kristen Olav Grøttebø (sentralt i bakgrunnen).
– LITT SKUFFA: Kristen Olav Grøttebø (sentralt i bakgrunnen).

– Eg er litt skuffa i omtalen av attraksjonar. Me har Gamleøyri, kongevegen, Lærdalselvi, snøvegen til Aurland og så vidare. Kvifor er ikkje desse med?

– Fordi det ikkje er kasseapparat der. Desse attraksjonane fører ikkje til at turistar legg att pengar i seg sjølve. Attraksjonane kan utviklast, men er ikkje kommersielle nok no, svara Amland.

Analysen selskapet har gjort er med på å leggja grunnlag for vurderingane rundt korvidt Lærdal skal satsa på å etablera cruisehamn. 

Til toppen