ATTRAKTIV: Lærdal generelt og Gamle Lærdalsøyri spesielt kan bli attraktiv for kunstnarar om ein legg til rette for det, meiner prosjektleiar Tone Boska. Foto: Ole Ramshus Sælthun
ATTRAKTIV: Lærdal generelt og Gamle Lærdalsøyri spesielt kan bli attraktiv for kunstnarar om ein legg til rette for det, meiner prosjektleiar Tone Boska. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Meiner Lærdal sitt særpreg kan dra store kunstnarnamn

Eit prosjekt som skal leggja til rette for at kunstnarar kan bu og jobba i Lærdal er i støypeskeia.

Lærdal: – Me har lyst til at Lærdal skal bli ein stad som vil husa både nasjonale og internasjonale kunstnarar. For Lærdal er utruleg eksotisk ute i verda; ja til og med blant bergensarar. Når eg fortel om bygda til kunstneriske er entusiasmen stor, men det finst ingenting i Lærdal som gjer at kunstnarar kan bu og jobba her, seier Tone Boska, prosjektleiar for «Levande lokale».

Les også: Skal skapa produkt som er «Typisk Lærdal»

Men dette håpar ho og dei andre involverte i prosjektet å få gjort noko med. Tanken er å skapa eit studio der ulike kunstnarar kan jobba, og samstundes få på plass eit tilbod for innlosjering. 

– Det trengst litt planar og diskusjonar rundt korleis få økonomi i dette, driftsmodellar og så vidare. Målet er å skapa noko bêrekraftig. Og det må vera profesjonelt, seier Boska.

Ser mot Berlin

I den gamle telegrafbygningen på Lærdalsøyri er det allereie etablert eit lite studio der lokale kunstnarar møtest og jobbar. Det kan vera den spede starten på noko større.

– Ingenting er bestemt når det gjeld lokasjon, men Telegrafen har mykje av det som trengst og er såleis aktuell å tenkja på. Gamlebanken er også aktuell, og det er nærliggjande å tenkja at kommunen tek ei leiande rolle i prosjektet vidare. Men det er ikkje berre dei to kulturbygga til kommunen ein kan tenkja seg her; Gamleøyri har mange flotte bygg med handelslokale som kan vera eigna. 

Les også: Ho skal jobba med å skapa liv på Gamleøyri

Artikkelen held fram under biletet

FÅR LIV: Målet med prosjektet «Levande lokale» er å på ulike vis å få innhald i dei mange bygningane som står tomme på Lærdalsøyri og tilknytt Gamlegata spesielt. Ein måte å skapa liv på kan vera ved å etablera studio og husvere for kunstnarar, frå lokale til internasjonale, store namn. Telegrafbygningen er peika på til dette føremålet, utan at noko er bestemt.
FÅR LIV: Målet med prosjektet «Levande lokale» er å på ulike vis å få innhald i dei mange bygningane som står tomme på Lærdalsøyri og tilknytt Gamlegata spesielt. Ein måte å skapa liv på kan vera ved å etablera studio og husvere for kunstnarar, frå lokale til internasjonale, store namn. Telegrafbygningen er peika på til dette føremålet, utan at noko er bestemt.

Eit slikt tilbod – skaparstudio der kunstnarsjeler kan møtast med tilbod om innlosjering for kunstnarar langvegsfrå, finst i Berlin.

– Berlin er Europas smeltedigel for nye kunstuttrykk. Gjennom denne ordninga blir kunstnarar kjende med kvarandre, får inspirasjon og skapar nettverk.

Tilbod for kunstnarar frå juli til september

TING PÅ GANG: Tone Boska jobbar med å få levande lokale på Lærdalsøyri, her saman med dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling. Arve Tokvam. Arkivfoto
TING PÅ GANG: Tone Boska jobbar med å få levande lokale på Lærdalsøyri, her saman med dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling. Arve Tokvam. Arkivfoto

Hardangerrådet oppretta i 2009 ei slik ordning – «Artist in Residence» – med utleige av husvere i Berlin til kunstnarar frå Hardanger og omegn. Hardanger Kunstlag forvaltar ordninga no på vegner av eit spleiselag Lærdal Næringsutvikling (LNU) er med i. Kommunen løyvde 35 000 kroner til dette i første formannskapsmøte etter jul.

Dermed har LNU gjennom prosjektet «Levande lokale» leilegheita i Berlin disponibel frå juli til september for interesserte kunstnarar.

– Interesserte må søkja til oss – me kan senda ein eller fleire i periodar med ulik lengd; me kan ha fleire der nede samstundes, og kunstnarar frå heile fylket kan søkja. Me vil at Lærdal skal skapa gode band mot kunstnarmiljøet i resten av Sogn og Fjordane. Og det kan vera alle typar kunstnarar, innanfor alt frå musikk til teater til måling, forklarar Boska.

Informasjon om søknadsprosedyre vil koma på Lærdal Næringsutvikling sine nettsider komande veke.

Vil ha innblikk i arbeidet i etterkant

På den eine sida er altså målet å gje kunstnarar denne sjansen, på den andre sida å få erfaringar rundt ei slik «Artist in Residence»-ordning så ein etter kvart kan få noko tilsvarande i Lærdal.

Og sjølv om kunstnarar som søkjer kan jobba med kva dei vil i Berlin, er det eit visst krav om at noko blir gitt tilbake etter endt opphald.

– Me legg oss ikkje borti kva dei jobbar med der nede, men me ønskjer å få eit innblikk i arbeidet i etterkant. Det kan vera i form av ei oppsetning, ei utstilling, ein konsert eller ein workshop. Til dømes, avsluttar Boska.

Til toppen