STÅR SAMLA: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og resten av politikarane i Årdal meiner det er viktig at Sogn står samla om dei vidaregåande skulane i regionen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STÅR SAMLA: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og resten av politikarane i Årdal meiner det er viktig at Sogn står samla om dei vidaregåande skulane i regionen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Meiner regionrådet må stå samla om dei vidaregåande skulane

Politikarane i Årdal meiner det er viktig at kommunane i Sogn står samla om det vidaregåande skuletilbodet i regionen.

Årdal: I desse dagar handsamar kommunane regionalplanen for Sogn, som kjem frå Sogn regionråd. Her er næringsutvikling, attraktiv buregion, kompetanse og samferdsle lista opp som dei fire satsingsområda.

Dette er fire område som dei folkevalde i Årdal ser att i eigne strategiske planar. Politikarane var også klare på at kommunane må stå samla om et vidaregåande skuletilbodet. 

– Den vidaregåande skulen er viktig for lokalsamfunnet vårt. Me ønskjer ikkje å senda nokon ut fjorden, men ha dei her, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) då saka var til handsaming i kommunestyret torsdag.

– Skapar arbeidsliv

Det var ho som kom med forslaget om at regionrådet må stå samla om dei vidaregåande skulane og høgskulen med studiestad i Sogndal. Hilde Horpen (Sp) stilte seg bak ordlyden.

– Det er også verdt å ha med seg at den vidaregåande skulen i Årdal er viktig for å skape arbeidsliv. Samanliknar med vår skule med andre, meiner eg at vår er ein av dei beste til å tilby læreplassar og har eit godt samarbeid med bedrifter, sa ho.

Meir konkret

Aleksander Øren Heen (Sp) var samd i at det måtte med i høyringsutspelet, men ønskte at ein var meir konkret.

– Eg skulle ønskt at ein hadde omtalt dei institusjonane meir konkret og kva ein vil med dei framover. Eg fryktar at det blir ein kamp om å halde på tilbodet slik det er i dag. At Sogn står samla er viktig, sa han og sikta ikkje berre til skulane.

– Eg har kritisert regionrådet litt fordi ein kan gjera det meir politisk med saker ein kunne dra i lag. Det står til dømes at me vil kjempe for vegar inn og ut av regionen, men det vert ikkje plukka fram nokre prosjekt som ein kan gå inn i og løfte fram. 

Sentralt med industri

I høyringa legg kommunen også vekt på at industri må få sin del av plassen i planen. 

– Det er viktig at me må sjå på utviklinga i industrien. Det er viktig at regionrådet stør opp om fylkestinget sine mål og strategiar for å auka industriaktiviteten og arbeidsplassar. Det må få ein sentral plass i næringsutviklingsarbeidet, sa Brandsdal.

Til toppen