MINISTERBESØK: Leikangerordførar Jon Håkon Odd (f.v.), sogndalsordførar Jarle Aarvoll og balestrandordførar Harald Offerdal inviterer kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til møte i samband med tvangssamanslåinga. Arkivfoto: Halvor F. Storvik
MINISTERBESØK: Leikangerordførar Jon Håkon Odd (f.v.), sogndalsordførar Jarle Aarvoll og balestrandordførar Harald Offerdal inviterer kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til møte i samband med tvangssamanslåinga. Arkivfoto: Halvor F. Storvik

Meiner Stortinget burde ha respektert dei lokale vedtaka

Ordførarane i Sogndal, Leikanger og Balestrand inviterer Jan Tore Sanner til møte, og skriv i ein felles uttale mellom anna at ferjefritt samband frå Balestrand til resten av kommunen bør vera aktuelt no.

Sogndal/Leikanger/Balestrand: «Eit fleirtal på Stortinget har vedteke å slå saman kommunane Balestand, Leikanger og Sogndal. Dette er i strid med eit fleirtal i kommunestyret i Balestand og i Leikanger. Ordførarane i dei tre kommunane meiner at Stortinget burde respektert dei vedtaka som er gjort lokalt, og ikkje slått desse kommunane saman med tvang».

Les også: Navarsete: – Ei sørgeleg overkøyring av lokaldemokratiet

Dette skriv sogndalsordførar Jarle Aarvoll, leikangerordførar Jon Håkon Odd og balestrandordførar Harald Offerdal i ein felles uttale.

«Men me må forhalde oss til at fleirtalet på Stortinget har kome til ein annan konklusjon», held dei fram.

Les også: Stadfesta at kommunar bli slegne saman med tvang

Les også: Her tek ordføraren den første reformpraten

Dei tre vil no starta arbeidet med å byggja den nye kommunen og har i denne samanheng invitert kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner:

«Ordførarane har merka seg statsråd Sanner sin uttale i Debatten på NRK, der han sa at regjeringa vil medverka til samanslåinga av kommunane Balestand, Leikanger og Sogndal».

Statlege arbeidsplassar og ferjefritt til/frå Balestrand

Dei to hovudtema dei ønskjer å drøfta med Sanner går på statlege arbeidsplassar og infrastruktur i den nye kommunen. Det siste handlar først og fremst om moglegheita for å få ferjefritt samband mellom dagens Balestrand og Leikanger.

«Det er viktig at den nye kommunen får klargjort status for noverande og nye statlege arbeidsplassar. Me må også bli trygge på at me beheld noverande statlege arbeidsplassar som er lokalisert til Sogn.

Vidare må vi få ei avklaring av kva som ligg i avtalen mellom partia H,FRP og V på Stortinget: "Leikanger har flere statlige arbeidsplasser, og vil motta flere gjennom utflyttingsprosessen som nå pågår"», står det i uttalen.

Vidare er dei tre ordførarane altså opptekne av at det blir lagt til rette for ein infrastruktur innad i kommunen som gjer at dette blir ei funksjonell kommuneeining:

«Mellom anna er Balestrand avhengig av ferje for å kopla seg på resten av kommunen og er såleis fråskoren kontakt med resten av kommunen fleire timar for døgnet. Eit ferjefritt samband til resten av kommunen vil løyse desse utfordringane for Balestrand.»

«Ordførarane har klare forventningar til at Stortinget og regjeringa no følgjer opp og bidreg til at ein kan byggja ein funksjonell og slagkraftig kommune», heiter det avslutningsvis i uttalen. 

Til toppen