VIL GÅ FØRE: Monica Gjesdal Larsen (MDG) meiner Aurland kommune kan senkja prosessen med å få på plass direktiv for lågare utslepp frå cruiseskip dersom haldninga er at det må koma nasjonale føringar før ein gjer noko.
VIL GÅ FØRE: Monica Gjesdal Larsen (MDG) meiner Aurland kommune kan senkja prosessen med å få på plass direktiv for lågare utslepp frå cruiseskip dersom haldninga er at det må koma nasjonale føringar før ein gjer noko. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Meiner verdsarvfjordane må gå føre for å få ned utsleppa frå cruiseskip

Monica Gjesdal Larsen (MDG) skulda ordføraren for å opptre meir som eigen person enn som kommunen sin fremste representant i utsleppssaka. Utan at ho fekk andre politikarar med seg på den.

Aurland: - Det ville så klart vera suprast om det kom nasjonale retningslinjer på dette. Men det er ein vesensskilnad om me seier at me ikkje vil gjera noko her hjå oss før det kjem nasjonale føringar - då senkjer me det heile. MDG vil ta den kampen, sa Gjesdal Larsen i formannskapet torsdag.

Sjøfartsdirektoratet kom i sommar med ein rapport til Klima- og miljødepartementet der dei kjem med konkrete framlegg på tiltak som skal redusere forureining frå cruiseskip og annan skipsfart, noko som kan føra til mindre cruisetrafikk i Aurland og Geiranger. Klima- og miljøminister Vidar Helgesen har særskild peika på cruisetrafikken i verdsarvfjordane.

Les også: Sjøfartsdirektoratet vil redusere forureininga frå cruiseskip i norske fjordar

Les også: Distad skal møte miljøminister Helgesen: – Ei sak som er viktig for oss

Les også: Cruisereglar kan koste Aurland dyr

Aurland kommune og Stranda kommune har fronta ei sak om at utsleppskrav er greitt så lenge dei gjeld alle, altså at dette kjem i form av nasjonale føringar.

- Verkar som du opptrer som eigen person

Men Gjesdal Larsen meiner aurlandsordføraren må gå meir offensivt til verks i saka, og synte til at saka var handsama i styret til Stranda kommune KF.

- Kvifor er det ikkje gjort vedtak her? Har du mandat til å gå ut og seia at me ikkje innfører restriksjonar her før dette kjem nasjonalt? For meg verkar det som du operer som eigen person, ikkje som kommunen sin talsmann, hevda ho i formannskapet.

UFORSTÅANDE: Ordførar Noralv Distad (H, t.h.), stilte seg uforståande til skuldingane frå MDG-representanten om sololøp i utsleppssaka. Rådmann Steinar Søgaard til venstre.
UFORSTÅANDE: Ordførar Noralv Distad (H, t.h.), stilte seg uforståande til skuldingane frå MDG-representanten om sololøp i utsleppssaka. Rådmann Steinar Søgaard til venstre. Foto: 

Det var eigentleg ikkje ei sak på sakskartet, så Gjesdal Larsen trekte den meir eller mindre opp av hatten. Ordførar Noralv Distad (H) stilte seg uforståande til skuldingane.

- Me kan gjerne ha opp ei sak om dette politisk. Eg har vore open om dette, og ettersom me har eit vedtak på at me skal ha stor cruisetrafikk meiner eg å ha vore på trygg grunn, sa Distad. 

- Langt utanfor kommunestyret sitt mandat

Sturle Ryum (Sp) følgde ikkje MDG-representanten.

USAMDE: Sturle Ryum (Sp) var ikkje med på tankane Gjesdal Larsen framførde.
USAMDE: Sturle Ryum (Sp) var ikkje med på tankane Gjesdal Larsen framførde. Foto: 

- Det er langt utanfor kommunestyret sitt mandat å vedta retningslinjer for utslepp i Aurlandsfjorden. Blir dette pressa gjennom å berre gjelda verdsarvfjordane, vil det ha konkurransedrivande effekt. eg kan heller ikkje sjå kvifor det berre skal gjelda cruiseskip, det bår vel gjelda alle typar skip.

Leiv Jarle Bergheim (Ap) presiserte at det frå myndigheitene si side er tanken at utsleppskrava på sikt skal gjelda nasjonalt.

- Eg har vore på møte med Sjøfartsdirektoratet og fekk til svar der at dei er einige med oss; dette bør vera landsdekkjande, pg dei jobbar for det. Men det kan henda at Verdsarvfjordane vil få det først, så her kan me f nokre direktiv.

Til toppen