ULIKE SYN: Medan Liv Sign Navarsete (Sp) meiner Venstre bryt med eigne lovnader i jordbruksmeldinga med sitt framlegg i jordbruksoppgjeret, hevdar Sveinung Rotevatn (V) dei raudgrøne pluss KrF sitt opplegg vil verka sentraliserande på jordbruket. Arkivfoto.
ULIKE SYN: Medan Liv Sign Navarsete (Sp) meiner Venstre bryt med eigne lovnader i jordbruksmeldinga med sitt framlegg i jordbruksoppgjeret, hevdar Sveinung Rotevatn (V) dei raudgrøne pluss KrF sitt opplegg vil verka sentraliserande på jordbruket. Arkivfoto.

Meiner «Vingle-Venstre» aldri har passa betre

Men Sogn og Fjordane sin Venstremann på Stortinget meiner dei raudgrøne sitt framlegg i jordbruksoppgjeret vil vera uheldig for distriktsjordbruket.

Sogn og Fjordane: – Før var det noko som heitte «Vingle-Venstre», og det passar vel betre no enn nokon gong. Først braut dei med regjeringa, så braut dei med opposisjonen fordi me ville gi for mykje. Det resulterer i at Venstre no ikkje følgjer opp landbruksmeldinga dei sjølv var med og vedtok, seier Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Landbruksmeldinga vart vedteken tidlegare i år, og eit hovudpoeng der var at bonden si inntekt skulle nærma seg inntekta til andre lønsmottakarar.

– Merkeleg oppførsel av Venstre

Når Venstre føresler å gje bøndene 625 millionar kroner – noko som etter alt å døma blir resultatet ettersom regjeringa har varsla dei vil støtta framlegget – held ikkje det til å følgja opp jordbruksmeldinga, ifølgje Navarsete.

– No sakkar landbruket etter, me måtte ha kome opp på 790 millionar kroner for å snakka om tetting av inntektsgap. Det er der Ap, KrF og SV har lagt seg også. Så dette er merkeleg oppførsel av Venstre.

SAMD MED SP: Vibeke Johnsen, fylkesleiar i SV. Arkivfoto
SAMD MED SP: Vibeke Johnsen, fylkesleiar i SV. Arkivfoto

Fylkesleiar i SV, Vibeke Johnsen, er samd med Navarsete:

-Venstre sender no jordbruket ut i kaos, der mykje fortsatt er uavklart og partane må no diskutere vidare ut i frå uklare føringar frå Stortinget. SV meiner Venstre framleis kan snu og bli med opposisjonen for å sikre bøndene eit godt resultat som styrker inntektene til bøndene, og særleg dei små og mellomstore bruka, når saka skal behandlast i Stortinget på fredag denne veka.

– Dette framlegget er viktig for landbruket i Sogn og Fjordane. Det sikrer distriktslandbruket , medan framlegget frå Venstres kastar jordbruket ut i usikkerheit, seier Johnsen i ei pressemelding.

Les også: Aksjonsklare bønder i byen: – Du all verda kor mykje folk det er her

Rotevatn: – Svært komfertabel

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn, har hevda overfor NRK at framlegget frå dei raudgrøne pluss KrF vil verka sentraliserande på landbruksnæringa.

Han meiner mellom anna at tilskota i framlegget frå opposisjonen si side er innretta slik at det blir meir attraktivt for sentrale flatbygder å satsa på husdyrproduksjon kontra kornproduksjon, noko som igjen vil kunne utkonkurrera distriktsjordbruket.

Rotevatn er heller ikkje med på at Venstre bryt med det dei var med på i jordbruksmeldinga:

– Det som også står i jordbruksmeldinga, er at ein føreset balanse i marknaden når ein skal tetta inntektsgapet med tilskot. I til dømes svine- og lammekjøtproduksjonen er det overproduksjon, noko som gjer at prisen blir lågare. Dette er landbruket sjølv sitt ansvar å løysa. Løyser dei det, får dei 350 millionar oppå det Venstre føreslår i ramma. Då vil ein nærma seg andre grupper lønsmottakarar med svært god margin. Så eg er veldig komfertabel med å stå i det Venstre har føreslege.

Endeleg punktum for jordbruksoppgjeret blir truleg sett i Stortinget fredag 16. juni.

Til toppen