TØFT: Som alle andre møter studentar små og store utfordringar i kvardagen. Då kan det vera godt å ha nokon å snakka med, meiner forfattaren av dette lesarinnlegget.
meiningar
TØFT: Som alle andre møter studentar små og store utfordringar i kvardagen. Då kan det vera godt å ha nokon å snakka med, meiner forfattaren av dette lesarinnlegget.
meiningar

Meiningar: – Alt starta med at eg var forelska i ein gut

– Du kan komma til ein studentrådgjevar med dei minste ting. Det treng ikkje vera sjukt eller ekstremt, skriv ein anonym student i Sogndal, som gjerne vil fortelja historia si.

Meiningar: Alt starta med at eg var forelska i ein gut, og det førte til at han var i hovudet mitt heile tida. Det å vera forelska er ein fin ting, men denne gongen var det heilt kaos i hovudet. Eg visste det ikkje sikkert då om det var gjensidig, noko eg gjer no, det var det ikkje. Eg fall vekk i tankane mine på førelesingane, eg prøvde alt eg kunne for å få vekk denne «forstyrringa». Eg ville halda fast på rutinane mine og ikkje la dette hindra kvardagen min slik det gjorde.

Eg bestemte meg for å starta i eit idrettslag for å få fokuset over på noko anna. Då fekk eg òg sjansen til å bli betre kjent med studentmiljøet i Sogndal. Eg lét vera å sjå på kva han gjorde på sosiale medium og lèt ikkje nysgjerrigheita styra meg. Det var lettare å heller prøva å treffa nokre andre gutar enn å konfrontera denne guten med mine kjensler. Eg lasta ned ein date-app og etter tolv dagar med tinder og éin tinderdate, fann eg ut at dette ikkje var mi greie. Det var skummelt og utriveleg. Dagane gjekk og det vart tyngre og tyngre å halda alt inne.

Eg hadde høyrt om ein studentrådgjevar via nokon i klassen min. Dei gav eksempel på små og store ting me studentar kunne komma til rådgjevaren med. Etter presentasjonen delte dei ut kontaktinformasjonen hennar. Eg tenkte eg kunne kontakta studentrådgjevaren på Saman-kontoret for å ha nokon å snakka med. Eg sende ein e-post til ho for å avtala time. Hugsar godt då dagen kom for å snakka med ho, og kor mykje eg grua meg. Klumpen i magen hadde blitt større og større og no var det ikkje så lett. Eg sende ei melding til ei venninne i klassen, ho støtta meg og pusha meg til å gå, sjølv om eg grua meg veldig den dagen.

Då eg kom inn fekk eg ein kopp te og me snakka om alt og ingenting, det var god stemning. Men så spurte ho om kva som gjorde at eg kom hit. No måtte alt det såre og vonde fram og eg følte meg naken og ein smule skamfull. Men Elisabeth, som ho heiter, var ikkje redd for å sjå smerte eller eit sårbart menneske. Ho hadde ei unik evne til å lytta og stilla dei rette spørsmåla, slik at det vonde og såre vart lettare å bera. Det tok ikkje lang tid før det ordna seg med forelskinga. Men Elisabeth såg óg noko eg sjølv ikkje var klar over. Eg var redd for å sleppa gutar som ville meg godt innpå meg. Når ho gjorde meg medviten om dette, så valde eg å ta tak i det. 

Studentrådgjevaren snakkar eg med framleis, sjølv om det er to år sidan eg såg ho første gongen. Etter å ha jobba med å kunna stola på andre, er eg no trygg på å tørra å snakka ut om ting, tørra å få klem når eg gret og å tørra å le saman med andre. Studentrådgjevaren har gitt meg råd om korleis eg kan sleppa andre innpå meg. Ho visste kva som var grunnen til at eg gjorde som eg gjorde, og gav meg utfordringar som ho visste eg ville klara. Det er menneskeleg å utfordra seg sjølv.

Du kan komma til ein studentrådgjevar med dei minste ting. Det treng ikkje vera sjukt eller ekstremt. Å snakka med ein studentrådgjevar er eit lågterskeltilbod og eg kan trygt seia at ho var med på å sy saman hjartet mitt så det vart heilt.

Til toppen