I statsbudsjettet for 2019 parkerar Regjeringa spørsmålet om å få utarbeida modellar som utjamnar dei store skilnadane på nettleige i Noreg. Stortinget var klare i si bestilling til Regjeringa: «Stortinget ber regjeringa utgreie ulike modellar for utjamning av nettariffane i Noreg og komme attende til Stortinget med løysingar for korleis dette kan bli gjort».
Krititske til forslag
Regjeringa svarar med at det: «ikkje blir lagt opp til å innføre ei ordning for utjamning av nettariffar». Regjeringa peikar på ei anna løysing, nettselskapa bør slå seg saman til større einingar, dei kjem ikkje med forslag til modellar. Vi kan ikkje med vår beste vilje sjå at regjeringa har svart på bestillinga frå Stortinget, det meinar vi ikkje er greitt.
Regjeringa meinar at dersom ein slår saman nettselskap så vil nettleiga til selskapa sine kundar bli redusert. Det er i mange tilfelle ikkje rett.
Hilmar Høl, Ingrid Heggø Helge og Robert Midtbø
Om den føreslegne fusjonen mellom SFE og Sunnfjord Energi vert gjennomført vil det ikkje føre til lågare nettleige for kundane. I eit slikt selskap vil nettleiga fortsetje å auke i takt med utbygging av ny fornybar kraftproduksjon og forskjellane vil ikkje bli mindre, men auke ytterlegare.
– Vil ikkje koste ei einaste krone i statsbudsjettet
Det er fortsatt fleirtal i Stortinget, sjølv om Venstre har hoppa av, til å gjennomføre tiltak som utjamnar nettleiga. Dette kan gjerast på ein enkel og ubyråkratisk måte, og utan å svekke nettselskapa sine insitament på å drifte nettet effektivt. Ei slik ordning vil heller ikkje koste ei einaste krone i statsbudsjettet.
Arbeidarpartiet vil krevje at Regjeringa leverer på bestillinga om å leggje fram modellar for utjamning av nettleiga i Noreg.