JO FÆRRE KOKKAR: Fylkesdirektør for næring og kultur, meiner bransjen sjølv må bli flinkare til å rekruttere nye kokkar til faget.
JO FÆRRE KOKKAR: Fylkesdirektør for næring og kultur, meiner bransjen sjølv må bli flinkare til å rekruttere nye kokkar til faget.

MEININGAR

Kronikk: – Den uavgrensa tilgangen av utanlandsk arbeidskraft er i ferd med å flate ut

Restaurantbransjen sjølve ta ansvaret for rekrutteringa av fagfolk, skriv Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur. I Nord-Europa er det kokkemangel, noko som òg råkar verksemder her i fylket. Samstundes flatar arbeidsinnvandringa ut.

Meiningar: Sogn og Fjordane har hatt ei fin utvikling i folketalet siste åra, også samanlikna med dei fleste andre fylka. Årsaka er arbeidsinnvandring, opp mot 80 prosent av dei vaksne innvandrarane er arbeidsinnvandrarar.

Det har vore lett å skaffe seg arbeidskraft frå «elva» av innvandrande. Det kan ha ført til at verksemdene har slappa av i rekrutteringa av ungdom. No er det eit kraftig fall i arbeidsinnvandringa, og nettoflyttinga blir negativ. Dermed stagnerer folketalsveksten:

Kvifor er det slik? Forklaringa er truleg samansett: Dei fleste verksemder rekrutterer frå land i EU/EØS, rett og slett fordi det er eit mykje enklare regime å halde seg til. Felles for desse landa er:

  • Velferdsnivået har gått kraftig opp dei siste åra. Det heng saman med reallønsnivået, som for mange land også har gått opp.
  • Valutafordelen som til dømes mange svenske arbeidstakarar følte dei hadde, har forsvunne. Det er bra for norsk eksportnæring, men dårleg for gjestande arbeidstakarar.
  • Teknologi og automatisering kan allereie spele ei rolle i nokre arbeidsprosessar.
  • Oljeprisfallet har gjort at tilgangen på norsk arbeidskraft har vorte mykje betre. Alt dette er vanskeleg å sjå att i enkeltbedrifter, men det er synleg i ein litt større region.

Fredag 9. februar melde NRK i ei nettsak at Briksdalsbre Fjellstove måtte til Italia for å finne kokkar, og at det er kokkemangel over heile Europa.

Kokkemangel har det vore før. Fakta over fortel etter mitt syn at den uavgrensa tilgangen av utanlandsk arbeidskraft er i ferd med å flate ut. Det gir gode grunnar til å intensivere rekrutteringa av unge menneske også til kokkeyrket. Eg har vore der sjølv. Rundt år 2000 var eg og fleire andre initiativtakarar saman om ein aksjon for å auke rekrutteringa til faget. Det hjelpte, men så slappa næringa av igjen, då situasjonen vart god. Så finst det glitrande unntak, til dømes Gloppen Hotell, som arbeider godt og har god rekruttering.

Der er fleire næringar som kjem til å oppleve det same: Bygg- og anleggsbransjen, transport og logistikk. Også her arbeider nokre godt med rekruttering og får det til.

Kva skal så verksemdene gjere? Først av alt: Alle næringar med skiftarbeid er under press. Kan meir av innsatsen til fagfolka flyttast til dagtid? Dinest må dei beste verksemdene ut og sjarmere ungdommen. Realfaga brukar nærast showprega verkemiddel når dei rekrutterer. Kvifor kan ikkje kokkeyrket gjere det same?

For å sikre eit godt arbeidsmiljø og stabilitet over tid, må vi ha ein kjerne av norske fagfolk. Reint fagleg er det sjølvsagt ei føremon at det er norske kokkar som lagar mat med norske råvarer. Det er bransjen sjølv som må sikre rekrutteringa til eige fag. Offentlege hjelparar, for eigen del fylkeskommunen, skal stille opp. Dette har vi allereie fortalt nokre av opplæringskontora. Men ansvaret for rekruttering, det ligg alltid hos bransjen.

Til toppen