Meiningar: Basishall er «idrett for alle»
(Foto: Privat / Arkiv)

MEININGAR

Meiningar: Basishall er «idrett for alle»

Eitt alternativ er ny treningshall ved Sognahallen, det andre er ny basishall og fleirbrukshall. Ja takk begge deler, men er det realistisk? Dét undrar Marit Uglum i dette lesarinnlegget.

Meiningar: Sogndal Idrettslag og Sogndal Fotball A/S har presentert to ulike alternativ til bygging av ein ny idrettshall til formannskapet i Sogndal kommune.

Sogndal Fotball A/S sitt alternativ er ny treningshall ved Sognahallen, og Sogndal idrettslag presenterte ei skisse av ny basishall og fleirbrukshall mellom den fylkeskommunale idrettshallen og Kvåle skule.

– Ja takk begge deler er flott, men er det realistisk?

– Kva kjem fellesskapet til gode?

I vår materielle del av verda er det i den store samanhengen vanskeleg å klaga på fasilitetar. Sogndal har Storhallen for fotball og klatring, idrettssenter, Fosshaugane stadion og investeringar mange berre kan drøyma om.

Likevel – store delar av grunnlaget for utbygginga ligg i fellesskapet si verdibygging i form av dugnadinnsats og skatteinntekter, og eit naturleg spørsmål er då; kva kjem fellesskapet til gode?

Engasjement i samband med bygging av ny basishall og fleirbrukshall tyder på at anlegga som eksisterer i dag ikkje møter behovet til idretten og innbyggjarane. «Sogndalsmodellen» inneber, mellom anna, at det er Sogndal Fotball A/S som driftar Sognahallen, og at kommunen gir eit jamt tilskot til drifta.

Det er ein kunst å ha oversikt og kunnskap om kva som finst av offentleg (og private) midlar, og planlegga desse inn i prosjekt og investeringar.

Det er berre å ta av seg hatten for dei som sit på denne kompetansen og kreativiteten. Finansiering er sentralt, men me må ikkje gløyma dei overordna måla og visjonen med ny basishall og fleirbrukshall.

Oppmodar til inkluderande idrettsglede

Allsidig fysisk aktivitet gir eit grunnlag for god motorisk utvikling, idrettsglede og rørsleglede. Sogndal Idrettslag kan visa til stor breidde i idrett og aktivitet. Eit allsidig idrettstilbod møter mangfaldet av interesser, talent og motivasjon hjå barn og unge. Idretten sin visjon er «idrett for alle» der inkluderande verdiar skal råde.

Idrettsrørsla har stort fokus på fråfall (www.idrettsforbundet.no). Fagtidskriftet «Idrett & Anlegg» viser at fleire og fleire kommunar kjem nye generasjonar og interesser i møte ved å legga vekt på basishallar med trampolinar, turngrop, «air-trackar», leikeapparat m.m.

 Vidareføring av Sognahallen kan svekka visjonen ‹idrett for alle›,

Marit Uglum, Høgskulelektor ved HVL 

Ein fleirbrukshall legg til rette for at mangfaldet av idrettar kan utvikla seg. Breidde- og toppidretten er komplimentære perspektiv, ikkje motsetnader. Det er ikkje urimeleg at ein basishall på sikt kan få fram fleire idrettstalent og toppidrettsutøvarar i ulike idrettsgreiner.

Det store engasjementet i samband med bygging av ny basishall og fleirbrukshall viser at idretten sine verdiar og retningsval er ei viktig sak for mange.

Betre sosialt tilbod

Ny basishall og fleirbrukshall mellom Kvåle skule og den fylkeskommunale idrettshallen ligg godt til rette for sambruk på dag og kveldstid, og er eit alternativ som har vore vurdert i lengre tid. Inngangsprisen til å delta på aktivitetar må vera på eit nivå som gjer at alle kan delta.

Møteplassar for barn og unge legg grunnlag for eit godt sosialt miljø, og er god samfunnsøkonomi. Storhallen er lite egna for kroppsøvingsfaget sine formål. Ein ny basishall og fleirbrukshall mellom Kvåle Skule og den fylkeskommunale idrettshallen legg til rette for utvikling av allsidig fysisk aktivitet, leik og idrett. Dét vil koma ei mangfaldig elevgruppe i møte, og ta i vare folkehelseperspektivet.

Sogndal Idrettslag og skular viser til at det er utfordrande å legga til rette for allsidige aktivitetar i Sognahallen.

Ei utbygging av ein treningshall i vidareføring av Sognahallen kan svekka visjonen «idrett for alle», og vilkåra for å komme mangfaldige interesser og kreative, nyskapande generasjonar i møte.

Val mellom verdiar og finansieringsordningar

Sogn Avis 24.11.18 viser til at det i formannskapet var sterke meiningsutvekslingar i samband med revurdering av leigeavtalen med Sogndal Fotball A/S. Det er rimeleg å tru at institusjonar og bedrifter ynskjer føreseieleg finansiering, og går for lange leigekontrakar med stabile brukarar.

Spørsmålet er om nye leigeavtalar med Sognahallen og utbygging av treningshall i regi av Sogndal fotball A/S, fører til at ny basishall og fleirbrukshall vert vanskeleg å finansiera i nær framtid.

Valet Sogndal kommune og folkevalde no skal gjera er like mykje eit verdival som vurderinga av finansieringsordningar.

Eg håpar dei viser musklestyrke og prioriterer basishall og fleirbrukshall og ei utvikling i retning visjonen «idrett for alle».

Til toppen