BREIBAND: Bondelaget likar dårleg forslaget til Regjeringa om å kutta i støtta til utbygging av breiband. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
meiningar
BREIBAND: Bondelaget likar dårleg forslaget til Regjeringa om å kutta i støtta til utbygging av breiband. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)
meiningar

Meiningar:– Breiband minst like viktig som veg

– Regjeringa sender distrikta baklengs inn i framtida ved å halvere løyvingane til utbygging av breiband, skriv Sogn og Fjordane Bondelag

Meiningar: Skal vi få unge familiar til å busetje seg i bygdene våre er god breibanddekning avgjerande både for å gje grunnlag for ny næringsverksemd og for aktiviteten til familiane i fritida. Sogn og Fjordane Bondelag tykkjer regjeringa sender distrikta baklengs inn i framtida ved å halvere løyvingane til utbygging av breiband.

Samstundes som staten stiller krav om at alt av rapportering, søknader til det offentlege og brev frå det offentlege skal formidlast elektronisk, slit framleis mange bygder i Sogn og Fjordane og i heile landet med altfor dårleg breibandsdekning. Dette er ei stor utfordring i kvardagen til både næringsdrivande og busette i distrikta. Det er rett og slett for tidleg å redusere løyvingane til utbygging av breiband i geografiske område der det ikkje er kommersielt grunnlag for å gjennomføre investeringar. Digital infrastruktur er avgjerande for næringsverksemd og busetnad til liks med annan infrastruktur som til dømes veg.

Vi i Sogn og Fjordane Bondelag set vår lit til at Stortingsfleirtalet rettar opp denne svakheita i regjeringa sitt budsjett, slik at også vi som bur i distrikta kan oppleve å få den same digitale verda som byane.

Til toppen